Meny
valkkampbrosjyre mal kommune

Malar og trykksaker

Sist endret: 26 04 2023

I ein valkamp blir det delt ut mange ulike trykksaker. No som det er fylkes- og kommuneval er det først og fremst fylkeslaga og lokallaga som i hovudsak må produsere desse trykksakene sjølv. Frå hovudorgs side blir det produsert nokre enkle nasjonale trykksaker, i tillegg til nokre maler fylkes- og lokallaga kan ta i bruk.

Powerpoint-malar Word-malar

Tips til bruk av trykksaker

Det er ofte fristande å legge inn mykje tekst i trykksakene som blir delt ut for å få med flest mogleg saker. Kanskje gjerne heile programmet lokallaget har brukt mykje tid og kreftar på å arbeide med og vedta. Prøv alltid å skrive så kort og konsist som mogleg!

Bruk heller trykksaker til å få folk interessert, og vis til nettsida kor dykk kan skrive mykje meir. Då sparar dykk både pengar og arbeid med å lage store brosjyrer.

Les meir om korleis du kan rigge lokallagssida di til valkamp.

Nasjonale trykksaker

Hovudorg produserar og sel tre ulike trykksaker. Det er 10 gode grunnar (òg kalla «den lille grøne»), hovudbrosjyra med dei tre hovudsakene våre, og ein plakat til 50x70-format. Alle desse får du kjøpt i nettbutikken vår.

Til nettbutikken

Felles kommune- og fylkesbrosjyre

Det er blitt utarbeidda ein brosjyremal på ein dobbel A5-brosjyre der halve brosjyra tilhøyrer lokallaget og den andre halvdelen fylkeslaget. Fylkeskontora har tilgang til denne malen via eigen innlogging i profilportalen. Fylkeskontora kan òg få tilsendt malen som ei inDesign-mappe. Om ditt lokallag ønskjer å ta bruk malen må du ta kontakt med fylkeskontoret ditt.

Finn din fylkessekretær her

valkkampbrosjyre mal kommune.jpg

Enkel A5 word-mal til lokalt bruk

Her kan du laste ned ein enkel word-mal for å lage enkle flygeblad i A5-format. Ein side for politikk, og ein side for kandidatpresentasjon. 

Hugs å laste ned fonten Raleway om du ikkje har den innstallert frå før. Du finn den i Profilportalen.

NB! Enkelte kan få varsel om at margen er for smal når de skal skrive den ut heime. Ignorer varselet og skriv ut likevel.

Last ned word-mal

Trykke sjølv?

Senterpartiet har ei totalleverandøravtale med Flisa trykkeri og Idé House of Brands. Om ditt fylkes- eller lokallag ønskjer å trykke eigne brosjyrer, produsere spesielle profilartiklar e.l. Kan de ta direkte kontakt med leverandørane våre for å få gode tilbod, samtundes som du er sikra høg kvalitet på produktet. Send då ein epost til [email protected].