Meny
Forvalte jordbruksareal i eit evig perspektiv – kva tyder det i praksis?

Forvalte jordbruksareal i eit evig perspektiv – kva tyder det i praksis?

Sist endret: 13.02.2024 #Hordaland#Trøndelag

Utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Difor må forvaltninga av dei ha eit evig perspektiv. Det har ein samla kontroll- og konstitusjonskomité slått fast når Stortinget handsama Riksrevisjonen sin rapport om mattryggleik og beredskap på landbruksområdet, skriv Nils T. Bjørke og Per Olav Tyldum.


- av Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant Senterpartiet kontroll- og konstitusjonskomiteen og Per Olav Tyldum, stortingsrepresentant Senterpartiet næringskomiteen
 
Stortinget støttar Riksrevisjonen i at det er kritikkverdig at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, mellom anna ved at betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert omdisponerte og bygde ned. Det er ofte den beste jorda som vert omdisponert til ande føremål.
 

Nils T Bjørke.jpg
Nils T. Bjørke (Sp) stortingsrepresentant, Hordaland.


For beredskapen er det òg eit problem at tungdrive areal ikkje vert halde i hevd. Om me skal ha reell matberedskap må me kunne dyrke både på lettdrive og tungdrive areal. Me må kunne dyrke i alle delar av landet. Ekstremvêret «Hans» har synt oss at når produksjonen slår feil i delar av landet må me ha aktivt landbruk i andre delar for å sikre mattryggleiken. Ekstremvêret synte òg at arbeid med flaumberedskap må omfatte matjord.
 
Me som kjenner arbeidet i landbruket veit kva som må til. For å forvalte jordbruksareal berekraftig må me drive jordvern og jordhelse, som tyder drenering, rydding av kantar og elles tiltak for å halde jord i hevd.

GAL_19404_210997_4849219_1
Per Olav Tyldum (Sp), stortingsrepresentant, Trøndelag

Me må ha ustyr som høver både for å nytte dei store lettdrivne areala og dei små og bratte. Me må ha kunnskap om korleis ulike reiskapar fungerer og korleis dei ulike arealtypane gjev best avling. Denne kunnskapen vert berre halde i hevd med aktiv drift av areala.
Meir krevjande klima gjer det endå viktigare å ha rett produksjon på dei ulike areala
 
Framover må det vere tilstrekkeleg lønsemd i næringa til at mange nok opplever at det er verd å fortsetja å produsera den maten me treng på ein berekraftig måte. Då vil ein òg halda kunnskapen om å forvalte alle typar arealressursar i hevd. Difor er det er beredskap å sikra lønsemd i å dyrke både små og store teigar. Bondens inntekt er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å oppnå naudsynt mattryggleik i internasjonalt usikre tider. Det er avgjerande at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Eit aktivt landbruk basert på lokale ressursar er avgjerande for å ha kunnskap og utstyr til å styrke mattryggleiken.
 
Den internasjonale situasjonen er no slik at me kan ikkje ta for gitt fungerande internasjonale forsyningskjeder. Difor bør det etablerast ein fleirårig, sivil beredskapsplan med mattryggleik som ein sentral del. Målet om mattryggleik må omfatte både mattryggleik og beredskap. Me får ikkje beredskap utan ein sterk og spreidd matproduksjon. Ein sivil beredskapsplan må leggje dette til grunn. Slik kan me planleggje for eit land med beredskap både for å forsvare og brødfø seg i krisetider.
 

Relaterte personer

Nils T. Bjørke

Stortingsrepresentant (Hordaland)
• 4. visepresident, Stortingets presidentskap
• Medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Rådgiver
Mona Paulsrud, [email protected], 414 37 049
Telefon: 233 13 427 Les mer

Per Olav Tyldum

Stortingsrepresentant (Nord-Trøndelag)
• Medlem i Næringskomiteen

Rådgiver:
Rikke Håkstad, [email protected], 450 53 000
Telefon: 233 13 427 Les mer