Meny

Ja til digital allemannsrett

Sist endret: 27 09 2020
Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant Senterpartiet

Erna Solberg har laga ei regjering med 22 statsrådar. Det er ny norsk rekord. I kabalen for å gi arbeid for alle er høgremannen frå Bygdøy, Nikolai Astrup, utnemnd til Norges fyrste digitaliseringsminister. Det er langt frå sikkert at ein eigen statsråd vil lyfte feltet. Ta berre utnemninga av folkehelseministeren. Ho heiter Åse Michaelsen, om nokon lurar. Folkehelsepolitikken har vel aldri vore meir usynleg enn no. Men, for å gje Astrup ein sjanse: Norge treng verkeleg ein digitaliseringsminister.

Digitalisering er eit verktøy som kan modernisere offentleg sektor. Det kan bidra til verdiskaping, skape fleire arbeidsplassar og gode offentlege tenester i framtida. Velferdsteknologi er eit døme på det. Men vi kan ikkje snakke om digitalisering utan at infrastrukturen er på plass. Derfor har Senterpartiet  lansert den digitale allemannsretten, som grunnlag for nettopp ei slik satsing. Det betyr ei tilbodsstyrt utbygging av fiber til samtlege hus med fastbuande i.

Utfordringa til Astrup er at regjeringa står for ei fiberutbygging som er etterspørselstyrt. Eit slikt marknadsbasert system  gjer enorme utgifter for dei som treng det mest. Regjeringa har  sidan dei kom til makta i 2014 kutta halvparten av bevillingsramma til fiberutbygging i distrikta. I tillegg kjem kutt i  distrikts- og regionalpolitikken med 1,5 mrd.kr. Regjeringa legg med dette opp til eit  digitalt klasseskilje etter kor du bur.

Erna Solberg treng verkeleg ein digitaliseringminister. Men fyrst og fremst treng Norge ein heilt ny fiberpolitikk. I dagens marknadsstyrte system, er det  vesentlege skilnader mellom Bygdøy og Eksingedalen, mellom grisgrendte og tettbygde strok. Rundt 96 prosent av husstandande i tettbygde strok har tilbod om høghastigheitsnett. Tilsvarande tal i spreidd-bygde strøk er 37 prosent.

Astrup si utfordring stoppar ikkje der. Han må og overtyde regjeringa  til å faktisk ville desentralisere statlege, digitaliserte arbeidsplassar. Eit nyleg døme er HELFO, ei  digital teneste der regjeringa likevel har vedtatt å sentralisere frå 22 kontorplassar til 6 kontorplassar. Regjeringa la   vekt på at kontorplassane måtte ligge i nærleiken av eit  stort og attraktivt arbeidsmarknad , helst i nærleiken av både flyplass og universitet, for å rekruttere godt.

Ja vel. På tross av digitalisering, vil regjeringa likevel sentralisere. Senterpartiet står for ein annan politikk. Digitalisering må bidra til desentralisering. Å bygge infrastruktur for digitalisering, er eit offentleg ansvar.  Vi har fått ein ny digitaliseringsminister. Vi treng ein digital allemannsrett.