Meny

Kjersti Toppe: Til val for heile Noreg

Ein veljar sa til meg at han stemte ikkje på Senterpartiet fordi vi lova ting i valkampen, men han stemte på Senterpartiet fordi vi ville dra samfunnet i ein retning han meinte var rett. Ein viktig verdi i det norske samfunnet er at vi er eit folk som stoler på kvarandre.

Som har tillit til kvarandre og til styresettet. At vi har eit levande folkestyre, der vi kan styre samfunnsutviklinga og ikkje la den styre oss. Då trengs ein politikk som samlar, ikkje splittar. Då trengs ein politikk for små forskjellar mellom folk, ikkje aukande forskjellar. Då trengs ein politikk for levande folkestyre, ikkje maktsentralisering, EU- tilpassing og auka byråkratstyre.

Då trengs ein politikk for å kunne leve og bu i heile landet. Tal frå Norsk medborgarpanel viser at misnøya med distriktspolitikken er stor. Ikkje utan grunn. Men tek vi  ikkje vare på utkantane, blir ein fort ein utkant sjølv. Norge er eit land med rike naturressursar. Vi har spreidd busetnad, og det bur folk i heile landet. Senterpartiet meiner at dette er Norge sin styrke. Andre parti meiner det er Norge sin svakheit. Dei opnar for å selje eigarskapet til naturressursane våre og vil sentralisere viktige tenestetilbod. Men om systema vert store, vert menneska små. Store kommunar, store sjukehus og store politidistrikt vil gjere det vanskeleg å setje mennesket i sentrum. 

Nasjonal matproduksjon er eit samfunnsansvar. Trygg mat er politikk, ikkje flaks. I følgje FN har alle land både rett og plikt til å produsere mat til eiga befolkning. Aukande import og nedbygging av matjord er feil samfunnsutvikling. Om ein ikkje nyttar ressursane i heile landet vil vi ikkje klare å oppretthalde eller auke sjølvforsyninga vår. Det industrialiserte landbruket si mørke bakside er dårleg dyre-velferd og auka risiko for antibiotikaresistente bakteriar. Difor trengs ei radikal endring av jordbrukspolitikken. Importvernet må styrkast. Det skal lønne seg å drive jordbruk og skogbruk i Noreg.

Dagens regjering meiner at produksjon av velferdstenester ikkje skil seg frå produksjon av andre varer og tenester, og at konkurranse skal vere eit gjennomgåande element i offentleg sektor. Men eit samfunn der ein sidestiller produksjon av skruar og spikarar med produksjon av barnevern- og helsetenester, er eit skrøpeleg samfunn. Velferdstenester må gis etter behov. Ikkje etter lønnsemd. Det handlar om menneske, ikkje milliardar. No treng vi samarbeid, ikkje meir konkurranse og privatisering. No trengs ein tillitsreform i offentleg sektor. Vi må gi ansvar og tillit til dei som arbeider i fyrstelinjetenesta. For gode velferdstenester, nær folk.

Godt samfunnsval!

Kjersti Toppe,
Stortingsrepresentant Senterpartiet