Meny
Bli medlem

Nye rådgjevarar i stortingsgruppa

Sist endret: 27.09.2020

Bent-Joacim Bentzen (27) er tilsett som politisk rådgjevar i utanriks- og forsvarsaker og Karen Følgesvold (24) som politisk rådgjevar i kommunal- og forvaltningsaker i Senterpartiets stortingsgruppe.

Bent-Joacim Bentzen som allereie starta i arbeidet den 7. juni, kjem frå Raftsundet i Vesterålen. Han har studert internasjonal politikk ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim, og har 8 års erfaring frå Forsvaret. Han har gått befalsskule, og har arbeida mellom anna i Sjøforsvaret, Hæren og Heimevernet på ulike nivå i Forsvaret, sist som stabsoffiser og seinare troppssjef i Heimevernet. Bent-Joacim er sentralstyremedlem i Senterungdommen, og har hatt fleire verv i partiet tidlegare, mellom anna i Trøndelag.

– Eg er veldig motivert til å ta fatt på jobben, og ser frem til å kunne arbeida med utanriks- og forsvarspolitikk for partiet og Liv Signe Navarsete, som er Sps medlem i stortingsskomiteen, seier Bent-Joacim Bentzen.

Karen Følgesvold som startar i arbeidet over sommaren, kjem frå Sandnes i Rogaland og er no busett i Oslo. Ho har studert historie ved universitetet i Stavanger og i Adelaide, Sør-Australia. Dei siste to åra har Karen jobba i Senterungdommen, fyrst som organisasjonssekretær og sidan som generalsekretær.

– Eg gler meg utruleg mykje til å ta fatt på nye oppgåver, og arbeida saman med Senterpartiets fraksjon på kommunalfeltet Heidi Greni og Wilfred Nordlund. Det er i tillegg stor stas å få fortsette å arbeida i Senterrørsla, seier Karen Følgesvold.