Meny

Politireformen - Kallmyrs hengemyr

- Å leggje ned 122 lensmannskontor var ikkje eit grep for meir nærpoliti, og heller ikkje eit nødvendig grep for at politiet skulle kunne møte dei nye kriminalitetsformene, skriver Jenny Klinge, justispolitisk talsperson i Sp i denne kronikken.

Å leggje ned 122 lensmannskontor var ikkje eit grep for meir nærpoliti, og heller ikkje eit nødvendig grep for at politiet skulle kunne møte dei nye kriminalitetsformene.

- av Jenny Klinge, justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Det er truleg ikkje lett å vera den førebels siste i rekka av fem justisministrar frå Frp i regjeringa sidan 2013 (sju viss ein tek med vikarane). Det største problemet til Jøran Kallmyr er likevel ikkje mange skiftande forgjengarar og kort fartstid, det er nok heller innhaldet i politireforma og den manglande oppslutninga reforma har blant politifolk oginnbyggjarar.

Gjentatte analysar og rapportar har gjort det tydeleg at den såkalla «nærpolitireforma», trass i det sympatiske namnet, faktisk er ei gedigen sentraliseringsreform. Det har kome klart fram i fleire spørjeundersøkingar blant tilsette i politiet at mange av desse har ei heilt anna verkelegheitsforståing enn regjeringa sjølv har. Mellom anna meiner ein stor del av politifolka at det ikkje blir betre beredskap, førebygging av kriminalitet eller kontakt med folk etter politireforma.

No har justisminister Kallmyr varsla ei stortingsmelding der regjeringa skal leggje fram «justeringar» av politireforma. Det er noko befriande og betryggande i at det endeleg kjem ei innrømming frå regjeringshald om at ikkje alt er på stell med politireforma. Dessverre er det nok enno for tidleg å puste letta ut. Det er avgjerande at regjeringa unngår å gjenta same feilgrep som tidlegare.

Ein stor del av årsaka til at reforma har vorte ei politisk hengemyr er nemleg mangel på evne og vilje frå regjeringa si side til å lytte til kritiske røyster og konstruktive innspel frå folk som har sett svakheiter ved politireforma. Denne hengemyra står justisminister Kallmyr no midt oppi, medan Ap heilt nyleg fann det fornuftig å slepe seg opp og vekk derifrå. Partileiar Støre har nemleg varsla at Ap har trekt støtta si til politireforma. Dette skjer over fire år etter at partiet var ein del av fleirtalet som stemte ho fram i juni 2015.

Vi i Senterpartiet meiner det er veldig positivt at Ap no går til det skritt å trekkje seg frå forliket om politireforma. Dette gir moglegheiter til å få fleirtal for gode politiske grep for politietaten framover, og ikkje minst – håpar vi – sikre at politiet får meir ressursar og ei god fordeling av desse. Dessverre er det fleirtalsregjeringa med Erna Solberg i spissen som skal ha ansvaret for politiet truleg i to år til.

No er spørsmålet kva som skjer dei neste to åra. Korleis vil regjeringa bruke denne sjansen dei gir seg sjølve til å rette opp problem ved politireforma og gjera endringar?

Eg har krevd svar frå justisministeren om korleis han vil involvere ei breidde av dei tilsette i politi- og lensmannsetaten i dei justeringane av kursen som han har varsla i haustens stortingsmelding. Dersom regjeringa og den øvste leiinga i politietaten, denne gongen verkeleg slepper til innspel og garanterer at dei som ytrar meiningane sine, ikkje skal få problem på grunn av dette seinare, vil det kunne koma tilbakemeldingar som blir ubehagelege både for Politidirektoratet og Justisdepartementet.

Utan desse tilbakemeldingane - og utan at regjeringa faktisk vil lytte til slike innspel og følgje opp med konkrete endringar - kjem ikkje Kallmyr seg ut av den hengemyra som politireforma har utvikla seg til.

Vi i Senterpartiet var aldri mot å gjennomføre ei reform i politiet, men vi ønskte ei politireform som kunne setje politiet i stand til å handtere både kvardagskriminalitet og alvorleg kriminalitet. Vi har alltid meint at dei store sentraliserande grepa i regjeringas og stortingsfleirtalets politireform var feil.

Å leggje ned 122 lensmannskontor var ikkje eit grep for meir nærpoliti, og heller ikkje eit nødvendig grep for at politiet skulle kunne møte dei nye kriminalitetsformene som har utvikla seg. No er vi spente på både kva regjeringspartia vil gjera med politiet, og kva Ap legg i det at dei har trekt støtta si til reforma.

Sp står i alle fall klare til å sikre etaten betydeleg meir ressursar og sørgje for at lensmannskontor og politistasjonar både i bygd og by får del i auken. Men vi lukkast ikkje utan at fleire parti forstår at viktige delar av politireforma var basert på feil politikk.