Meny

Røe Isaksen sitt store problem

Sist endret: 27 09 2020

Tidskrift for Den norske legeforening har nyleg presentert ein forskingsrapport frå Folkehelseinstituttet som fortel om svært alvorlege biverknader av regjeringa si fråværsgrense i vidaregåande skular. Talet på reseptar på antibiotika og lett sovemedisin har auka med over 25 prosent etter at fråværsgrensa blei innført. Samtidig blei det 30 prosent fleire fastlegebesøk blant 16-18 åringar, skriv Kjersti Toppe.

 
- av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Senterpartiet

Men kunnskapsminister Røe Isaksen tek ikkje sjølvkritikk og hevdar at auka medisinbruk etter innføring av fråværsgrensa er legane sitt ansvar. Ein skal leite lenge etter tilsvarande ansvarsfråskriving. Regjeringa si innføring av ei rigid fråværsgrense skal gjelde for kvart enkelt fag og har skremt «friske» ungdomar til fastlegekontora. 40 000 fleire 16-18 åringar oppsøkte fastlegen i fjor haust, ikkje for å få medisinsk hjelp, men for å få ein attest. Nokre fekk også resept.

Ei rigid praktisering av fråværsgrensa fører altså til at ungdom oppsøker fastlege utan medisinsk grunn. Dei føler seg gjerne også pressa til å bli fortare friske enn det naturen sjølv syter for. Regjeringa står slik ansvarleg for å lære opp ein heil ungdomsgenerasjon til å misbruke helsevesenet si tid og ressursar og å bidra til press for auka medisinbruk.

Antibiotikaresistente bakteriar er omtalt som helsevesenets klimakrise. Antibiotikaresistens kan øydelegge for framtidig kreftbehandling og all anna moderne medisin og fører allereie i dag til mange dødsfall i Norge. Det viktigaste tiltaket for å redusere resistensutvikling, er å kutte i bruken av antibiotika. At innføring av fråværsgrensa fører til det motsette, er faktisk ikkje fastlegane sitt ansvar. Det er Røe Isaksen sitt store problem.

Senterpartiet er ikkje i mot å ha ei tydeleg fråværsgrense i vidaregåande skular. Men dagens praktisering er byråkratisk og feil. Vi meiner at skuleeigar og rektor må få lov å utvise skjønn. Eigenmelding frå føresette eller myndige elevar må kunne godkjennast som dokumentasjon for fråvær ved sjukdom i inntil 3 dagar. Også køyreopplæringskurs bør kunne godkjennast som dokumentert fråvær.

Ein kunnskapsminister har ansvar for heile eleven. Når medisinbruken hos norske ungdommar aukar på grunn av skulepolitikken er det alvorleg, men det mest alvorlege er at vi har ein kunnskapsministeren som ikkje forstår dette.