Meny

Gratulerar med dagen - Senterpartiet fyller 100 år!

Sist endret: 27 09 2020

19. juni er det 100 år sidan Senterpartiet vart skipa i Kristiansand. Kampen for folkestyret og gode tenester nær folk flest går som ein raud tråd gjennom partiets historie. Kriseforliket i 1935 med Ap, Bortenregjeringa, EU-kampane i 1972 og 1994 og raudgrøn fleirtalsregjering i 8 år står som førebelse høgdepunkt i partiets historie. Jubileumsfeiringa er grunna Korona utsett til i haust til ei samling på Lillehammer 14. november.

Partinamnet vart endra frå Bondepartiet til Senterpartiet i 1959, men vi er fortsett partiet som tør å tale landbruket si sak og som er opptatt god beredskap og norsk produksjon av kvalitetsmat.

Senterpartiet er partiet som står opp mot elitane i byane og som taler vanlege folk og distriktas sak. Vi er partiet som meiner at lokal verdiskaping skal tilfalla lokalsamfunnet og som er heilt tydeleg på at folks tryggleik er det viktigaste. 

Senterpartiet er partiet som tør å kjempa for det norske, norske interesser og Norge og står samtidig opp for internasjonal solidaritet, global utjamning, menneskerettar og ei berekraftig utvikling for heile kloden. Partiet står for desentralisering av makt, folk og penger.

Senterpartiet skal og i dei neste 100 år fortsetja kampen for tenester nær folk, for levande distrikt og eit solid næringsliv i hele landet.