Senterpartiet sitt evalueringsutval etter stortingsvalet 2025 er ferdig med arbeidet
– Utvalet konkluderer med at Senterpartiet sitt dårlege valresultat i 2025 skuldast ein kombinasjon av fleire forhold, som høge forventningar, krevjande kriser, raskt endra politisk dagsorden og opplevd manglande politisk handlekraft i møte med dette. Vidare førte ein for lite gjennomtenkt og heilskapleg kommunikasjon til ytterlegare tap av tillit, seier Ivar B. Prestbakmo, leiar for evalueringsutvalet.
Utvalet peikar på at partiet sin nedgang i oppslutnad allereie hadde skjedd våren 2022.
– Partiet si handtering av enkelte større saker i regjering bidrog til å sementere situasjonen, og gjorde det vanskelegare å snu utviklinga fram mot valet i 2025. Sjølv om Senterpartiet fekk gjennomført viktige og gode saker for partiet i regjering, gav ikkje det utteljing i oppslutning.
Utvalet har lagt vekt på å få fram synspunkt og innspel frå alle delar av organisasjonen. Dette, saman med faktagrunnlag frå valresultatet og veljarvandringar, dannar grunnlaget for utvalet sine vurderingar og tilrådingar. Prestbakmo viser til at utvalet kjem med åtte tilrådingar for arbeidet vidare fram mot kommande val i 2027 og 2029.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum understrekar at partiet skal bruke evalueringa i det vidare arbeidet.
– Vi tek lærdom av valet og arbeider no grundig med å styrke Senterpartiet sin posisjon rundt i landet. Frå sentralt hald skal vi bruke mykje tid på å reise og møte folk i heile Noreg. Folk skal merke at Senterpartiet er nær, lyttande og handlekraftig. Senterpartiet har ein nøkkelposisjon i Stortinget, og den skal vi bruke til å styrke lokalsamfunn i heile landet og sikre at Senterpartiet er den tydelegaste røysta mot norsk EU-medlemskap, seier Vedum.
Last ned
-
218 kb PDF Publisert 06. feb. 2026 kl. 14:09
-
100 kb PDF Publisert 06. feb. 2026 kl. 14:09
-
894 kb PDF Publisert 06. feb. 2026 kl. 14:09