Meny
Bli medlem

Sentralisering og sårbarheit

Sist endret: 27.09.2020

Det mest grunnleggjande ansvaret for norske folkevalde er ansvaret for tryggleiken til folket i Noreg. Uansett kor i landet ein bur, har alle krav på å vite at ein har vern mot vald, godt brannvern og beredskap mot sjukdom og akutte hendingar. Senterpartiet vil styrkje beredskapen og tryggleiken over heile Noreg. Me meiner sentraliseringa av landet vårt skapar eit sårbart Noreg, skriv Liv Signe Navarsete og Jenny Klinge.

Av Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet og Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne for Senterpartiet
 
Sjukehus
I sjukehustalen i 2015 sa Høgre sin helseminister Bent Høie: «For å drive akuttkirurgi kreves et pasientgrunnlag på minst 60.000 til 80.000 innbyggere». Heldigvis har den sterke sentraliseringsmotstanden gjort dette vanskeleg å gjennomføre tett opp til eit val. Høgre sitt ynske om sentralisering er like fullt motteke hjå leiinga i helseføretaka, og regjeringa har allereie lagt ned Rjukan sjukehus og skapt uvisse kring akuttfunksjonane ved Narvik og Odda sjukehus. Dersom Høyre og Frp held fram i regjering etter 2017 og får styre vidare med sitt arbeid for sentralisering, kan lokalsjukehus over heile landet stå i fare for å miste viktige funksjonar.
 
Politi
Albert Lunde, politibetjent i Lom og forskar på beredskap og risikostyring åtvara i Gubrandsdølen Dagningen 26. mai mot konsekvensane av sentraliseringa av politiet: «Det er ingen tvil om at politiet no organiserer seg slik at dei systematisk forlenger si eiga responstid. Det vil krevje at brannvesen, ambulanse og folk flest må trå til mens dei ventar på politiet. I nokre tilfelle vil det kunne føre til at folk døyr mens dei ventar på politiet. Det kan òg skje at representantar frå andre naudetater døyr fordi dei blir tvinga til å gjere politiet sin jobb.»


Med Høgre og Frp i regjering har politiet gjennomgått den sterkaste sentraliseringsreforma i nyare tid.  122 lensmannskontor er vedteke stengt. Medan Politidirektoratet i Oslo sitt budsjett blei nesten dobla frå 2013 til 2016, blei politidistrikta sitt budsjettmessige handlingsrom redusert med 426 millionar kroner. Altså vert stadig meir av Politiet sine ressursar nytta til byråkrati og skjemavelde i Oslo. Senterpartiet vil snu trenden. Me vil styrkje budsjetta til kvart enkelt politidistrikt slik at me får meir politi der folk bur.
 
Heimevernet
Uansett om me opplever miljøkatastrofar, terror, krig eller andre kriser, kan verdien av lokalkjende heimevernssoldatar ikkje vurderast høgt nok. Sikkerheitsbiletet har endra seg og me opplever no ei meir uroleg verd. Dette gjer at Noreg treng fleire soldatar, ikkje færre.  Senterpartiet vil sikre eit sterkare Heimevern med fleire lokalkjente HV-soldatar. Me vil difor å auke Heimevernet til 50 000 soldatar. Høgre og Frp vil det motsette.  Regjeringa reduserer no Heimevernet med 7000 soldatar og legg ned Sjøheimvernet som skal beskytte den verdifulle kysten vår med mellom anna sårbare olje- og gassinstallasjonar.
 
Brannvesen
I ei stortingsmelding regjeringa nylig la fram, gjer dei det klart at dei vil endre strukturen i brann- og redningstenesta, der dei vil ha større og meir sentrale organisatoriske einingar. Regjeringa har gitt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i oppdrag å utarbeide ei sokalla «revidert dimensjoneringsforskrift», der dei vurderer å innføre nye krav som kan bli urealistisk høge for den kommunale brann- og redningstenesta. Dersom det ikkje følgjer med finansiering, kan dette i praksis føre til at brann- og redningstenesta i fleire kommunar blir tvinga til samanslåing og at leiarstillingar vert sentralisert. Vi risikerer no ei utvikling der ressursane og avgjerdsmynde i brannvesenet forsvinn til sentrale strøk og blir bygde ned i distrikta.

Svekking av tryggleiken i Noreg og beredskapen i lokalsamfunna våre vil ikkje Senterpartiet akseptere. Du kan støtte oss i det den 11. september.