Meny

Små kommuner – store fordelar

Sist endret: 27 09 2020
Ivar Odnes, Stortingsrepresentant

Eit langstrakt land, men med alt for mange kommuner i følgje kommunalministaren. Kommunalminstrar frå Høgre har med sin tru på stordrift, hamra laus på kommunene sidan dei kom i regjering. Sist var utspelet frå kommunalministar Mæland at det blir alt for mange gamle i dei små kommunene. Kommunene må slå seg i saman seier Mæland, men blir det færre eldre av det?

Er det noko dei små kommunene er gode på så er det å ta vare på sine eldre og nytte dei som ein ressurs i lokalsamfunnet. 

Eit verdig liv kan ikkje berre reknast ut frå økonomi. Skal ikkje bestemor få bu på ein sjukehjem nær der ho har budd? Ein god alderdom i sitt lokalsamfunn, nær alt ein kjenner er verdt meir enn dei økonomiske fordelane av å stable alle eldre inn på store sjukeheimar.

Senterpartiet meiner at ein heller må sikre det lokale folkestyret enn å bygge det ned med sine sentraliserande reformar, som den blå regjeringa driv med.

Vi er alle frie menneskjer og i den fridomen ligg eit stort ansvar ovenfor oss sjølve og andre. Vi har det ikkje bra åleine om vi ikkje har det bra i fellesskapet. Derfor tek vi ansvar gjennom kommunestyrer rundt om i heile landet, for å lage ein best mogleg kvardag for oss alle. Her drøftast nettopp bestemors liv på sjukeheimen, eller hennar barnebarn som treng barnehageplass.

Eit levande folkestyre er tufta på lokalkunnskap om kva som gje dei beste tenestene til folk enten det er på sjukeheimen, friviljugsentralen, biblioteket eller på arbeidsplassen. Dette er ein fordel for kommunestyret i arbeidet med å skape gode liv for både dei eldre og yngre i kommuna. Lokalkunnskap kan ikkje reknast ut i penger og budsjett, men den er til stor hjelp når politiske beslutningar skal tas.

I ei stor kommune med mange innbyggarar vil ikkje nødvendigvis nokon frå bestemors grend vera representert inn i politikken. Sjukeheimen blir enklare å legge ned og bestemor blir flytta til ein større sjukeheim der ho sjeldnare får besøk og har færre kjente rundt seg. Stordriftsfordelen for kommuna er ikkje utan vidare til fordel for bestemor.

«Regjeringen ønsker sterke og robuste kommuner, som kan få flere oppgaver og mer ansvar. De fleste tjenester løses best nærmest innbyggerne, i lokalsamfunnene»

Dette sa dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner i 2014.

Ein reel moglegheit til å påverke sin eigen kvardag er mykje større i mindre kommuner. Er man ikkje sjølv engasjert i kommunestyret, så kjenner ein kanskje nokon som er det. Vegen blir kortare og enklare for å påvirke dei folkevalde belutningane. Enten det gjelder sjukeheimen, skulen i sitt nærmiljø, ein sykkelveg man ynskjer skal byggjast eller fritidstilbudet i sin kommune. DET er å løyse tenester og oppgåver best nærast innbyggarane.

Fridomen til sjølv å bestemme over sin eigen kvardag er viktig for folk. Jo større kommuna er, jo lengre unna blir beslutningene teke. Er ei slik sentralisering av makt til det beste for folk i sin kvardag?

Det er Senterpartiet sin politikk. Vi er i motsetnad til regjeringspartia oppteke av reell fordeling av makt.

Vi ser moglegheitane som ligg i folket enten dei er eldre eller yngre.

Ein lokal sjukeheim gjev arbeidsplassar til mange. Dei eldre nyttar seg av fritidsaktivitetar og kultur og engasjerer seg i lokalsamfunnet.

Statens Seniorråd som vart nedsatt av den blå regjeringa har gjeve klare innspel om dei eldre skal sjåast på som ein ressurs og ikkje eit problem. Dei eldre deltek meire i friviljugheit, dei vil stå lengre i arbeid og dei vil ha slutt på aldersdiskriminering.

Kommunalministar Monica Mæland svartmalar situasjonen ute i dei små kommunene. der Høgre ser berre problemer ser vi i Senterpartiet moglegheiter.

Nærleik til tenester og tilbud er avgjerande for at vi har ei busetjing og næringsverksemd  over heile landet. Ei lita kommune, så mange moglegheiter.

Senterpartiet er ueinig med Høgre om at størst er best. Vi meiner at det er dyrare og dårlegare for samfunnet med lang reiseveg til skule, barnehage, sjukeheim, kommunehuset eller politistasjon?

Nærleik til tenester, verdien av lokalkunnskap og eit aktivt folkestyre er det som gjer at små kommuner har store fordeler.