Meny

Sp kjempar vidare for nærpolitiet

Av Jenny Klinge. Justispolitisk talskvinne

Senterpartiet stemte mot politireforma då den vart vedtatt fordi partiet ønskte ei anna reform i politiet som ikkje ville innebere den sterke sentraliseringa som regjeringa står for.

Justisminister Amundsen prøvar å kritisere Senterpartiet for å ha gitt opp motstanden mot politireforma. Dette blir lite truverdig kritikk når stortingsgruppa til Sp rett før sommaren kom med konkrete framlegg som går i ei anna retning enn den regjeringa og stortingsfleirtalet går i. At Senterpartiet vil styrkje det lokale politiet er verken ein hemmelegheit eller ei nyheit. 

I staden for å gje oss over og la endringane skje, går vi inn for å bevare eller gjenopne lensmannskontor som Politidirektoratet har vedtatt å leggje ned, i kommunar som har gått imot nedlegging. Vidare har vi eit ambisiøst mål om at auken til to politifolk per 1000 innbyggjar ikkje skal målast nasjonalt, men per politidistrikt. Dette vil innebere ei vesentleg styrking av politiet i store delar av landet, fordi nokon politidistrikt per i dag er langt unna målet om to politifolk per 1000 innbyggjar. Når det er sett krav til responstid for politiet, er Sp tydeleg på at dette kravet må gjelde heile befolkninga i Noreg, ikkje berre delar av befolkninga. Sp meiner altså at kravet til responstid må aukast frå 80 % til 100 % av tilfella. Desse tiltaka kunne fint vore gjennomførte utan ei politireform som legg ned 122 lensmannskontor i Noreg.

Det er ikkje riktig – som justisministeren seier – at Sp sine framlegg er ein del av politireforma som no blir gjennomført og at regjeringa allereie oppfyller krava. Sp gjorde framlegg om krav til responstid og mål om bemanningsauke i alle politidistrikta i juni, men regjeringspartia stemte mot.  Senterpartiet vil framleis kjempe for å få gjennom desse tiltaka, men det betyr ikkje at Sp samtidig støtter nedlegginga av over 120 lensmannskontor. Tvert imot vil Sp fortsette kampen for å oppretthalde eller gjenopne dei lensmannskontora som Politidirektoratet har vedtatt å leggje ned mot kommunane si vilje.  Framlegga er på inga måte motstridande, men utfyller kvarandre. Her er det inga kursendring frå vår side.