Meny
Bli medlem
Tina-Evelyn og Signe nye praktikantar i Sp

Tina-Evelyn og Signe nye praktikantar i Sp

Tina-Evelyn Vikestad Buvarp (19) frå Rørvik i Nord-Trøndelag og Signe Bjotveit (23) frå Gloppen i Sogn og Fjordane er tilsett som praktikantar i Senterpartiet frå 1. januar til og med stortingsvalet 13. september 2021. På bildet er Tina-Evelyn til venstre og Signe til høgre.

Publisert: 01.01.2021

Begge dei nye praktikantane har erfaring frå Senterungdommen og partiet. Tina-Evelyn Vikestad Buvarp er leiar i Ytre Namdal Senterungdom, 1.vara i fylkesstyret for Trøndelag Senterungdom og er vara til kommunestyret i Nærøysund. Ho er no også leiar i Nærøysund Ungdomsråd. Signe Bjotveit er vara til kommunestyret i Gloppen, er fylkesstyremedlem i Sogn og Fjordane Senterungdom og har vore lokallagsleiar i Gloppen Senterungdom.

Begge to har vore svært aktive i arbeids- og organisasjonslivet i feriar og fritid i heile oppveksten. Tina-Evelyn er oppvaksen både på gård og i sentrum av Rørvik. Ho har arbeida som pleiemedhjelpar, på Cubus, som servitør, og som trenar i breddegymnastikk for barn og unge.

Signe har arbeida som klokkar, i 4H, som personleg assistent, på Intersport, på studentpub og -kafè, økonomiansvarleg, mentor for leksehjelp, marknadsførar, seminarleiar og som studentassisten.

Tina-Evelyn starta i august i år på bachelor i bevegelsesvitenskap ved NTNU i Trondheim. Ho gjekk før det på Ytre Namdal VGS (studiespesialiserande line).

Signe går 2.året på master i Organisasjon, ledelse og arbeid ved Universitetet i Oslo, der ho også har fullført ein bachelor i Kultur og kommunikasjon med fordjupning i medievitskap. Ho gjekk før det på studiespesialisering ved Firda VGS.

- Jeg har et sterkt engasjement for Senterpartiets politikk, og er veldig glad i utfordringer. Jeg vil være en god bidragsyter når vi nå skal gjøre Senterpartiet klart til det kommende stortingsvalget. Jeg har lyst til å bidra til at Senterpartiet vinner valget, og får innført en politikk som er nær folket og som tar i bruk hele Norge, sier Tina-Evelyn.

- Hausten 2021 er det stortingsval. Og det skal vi kome sigrande ut av. Dette oppsummerer hovudmotivasjonen min til praktikantstillinga. I tillegg blir eg motivert av å kunne få jobbe med noko der eg får nytte av kompetansen min på kommunikasjon, samtidig som eg håpar å få lære mykje nytt, seier Signe Bjotveit.