Meny

Tryggleik og beredskap for heile landet – Noreg treng ein totalberedskapskommisjon

Beredskapsutfordringane Noreg står ovanfor er samansette og komplekse. Det sikkerheitspolitiske biletet er prega av sterkare internasjonale spenningar. Samstundes har terroråtaka blitt fleire. Klimaendringane skaper òg større utfordringar for samfunnstryggleiken.  Vi opplever våtare og villare vêr, noko som t.d. gjev Noreg med sin særskilte topografi spesielle problem knytt til vassdraga og til ras og skred. Stabil og langsiktig tryggleik for mattilførsel kan råkast av klimaendringar og meir usikre internasjonale tilhøve. I denne situasjonen treng Noreg ein grundig gjennomgang av vår totalberedskap, seier Senterpartiet i ein uttale vedtatt av partiets landsstyremøte 23. oktober.

Resolusjon vedtatt av Senterpartiets landsstyre 23. oktober 2017:

Tryggleik og beredskap for heile landet

– Noreg treng ein totalberedskapskommisjon

Samfunnsorganiseringa og trugselbiletet er i dag annleis enn det var for berre få år sidan. Eit viktig døme er den digitale tryggleiken: Om eit land vert råka digitalt, kan ein lamme det meste av infrastruktur. I dag har ikkje Noreg heilskapleg plan for korleis vi skal takle ei slik krise. I ei tid kor meir og meir av kommunikasjonen går føre seg digitalt, er det òg avgjerande at alle deler av landet har god tilgang til telenett og breiband. Slik er det ikkje i dag.

Senterpartiet meiner difor at det er naudsynt at regjeringa no set ned ein totalberedskapskommisjon med mandat til å vurderer det heilskapelege risikobiletet Norge møter i åra framover og kome med forslag til korleis vi skal møte utfordringane.

Løyvingane til forsvar ligg ikkje på eit nivå som harmonerer med Noregs forpliktingar som NATO-land.  Fleirtalet av dei politiske partia har vedteke at Noreg skal møte sine forpliktingar, men det er ikkje lagt nokon plan for korleis dette skal gjerast. Naudetatane er inne i store omorganiseringar og sivilforsvaret har en struktur tilpassa ein fylkesmodell. I dag er Fylkesmannen øvste beredskapsansvarleg i det enkelte fylket. Kommisjonen må sjå på korleis nye strukturar både innan forsvar, naudetetar og offentleg organisering elles påverkar det samla beredskapsarbeidet og korleis det er organisert.

Det er mykje som talar for at ein i den situasjonen vi no opplever, ikkje kan sjå snevert på forsvarsevne utan og å trekke inn alle dei andre tilhøva som høyrer med i risikobiletet. Eit lands forsvarsevne handlar om korleis vi tryggjer innbyggarane mot eit breitt spekter av trugsmål. Kommisjonen må difor sjå på korleis vi kan bruke samfunnets totale ressursar til å styrke beredskapen i Noreg.

Noreg hadde ein forsvarskommisjon i 1990 i samband med slutten på Den kalde krigen. Før dette har store hendingar som unionsoppløysinga i 1905 og fyrste og andre verdskrig, samt Vietnamkrigen, vore bakteppet for forsvarskommisjonar.