Gå til hovedinnhold

Utidig passreform

Mange stader vil folk som no enkelt kan skaffe seg eller fornye pass ved det lokale lensmannskontoret måtte bruke ein heil arbeidsdag på å gjera dette, skriv Jenny Klinge.


- av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet


Dagbladet skreiv 21. september om korleis vi kan vente at passkøane blir enda verre i framtida. Den blå regjeringa fekk ved hjelp av Venstre og KrF først fire år til å gjennomføre sentraliserande reformar. No ligg alt an til at dei får fire nye år til å gjennomføre fleire slike reformer, eller deformer viss ein vil.

Ei av desse er ei endring av passutskrivinga i landet. Det vil truleg bli ein kraftig reduksjon av antal lensmannskontor og politistasjonar som skal kunne utskrive pass og det nye nasjonale id-kortet. Det er nye krav til kvalitet som visstnok skal ligge bak. Vi er alle einige om at vi treng ein sikker prosess for passutskriving, men verken regjeringa eller Politidirektoratet klarer å svara på kva som er problemet med at alle lensmannskontor som har passautomat i dag skal kunne halde fram med dette.

Dette er nemleg kravet vi i Senterpartiet vil stille – at alle dei lensmannskontora som innbyggjarane no kan oppsøkje for å få eit pass eller fornye passet sitt, skal behalde denne tenesta framover òg. Kostar det noko ekstra å få til dette, ja, då er vi villige til å betale for dette i årlege statsbudsjett. Dette rett og slett fordi det er utidig å svekke ei slik teneste for eventuelt å spara staten for noko pengar, når det samstundes er sterkt fordyrande og tidkrevjande for svært mange enkeltmenneske å skaffe seg pass.

Mange stader vil folk som no enkelt kan skaffe seg eller fornye pass ved det lokale lensmannskontoret måtte bruke ein heil arbeidsdag på å gjera dette – trass i at lensmannskontoret deira er eitt av dei som består etter politireforma. Og har dei nokre ungar, vil familien måtte bruke fleire skule- og arbeidsdagar i løpet av få år, fordi kravet om fornying av pass for ungar er to, tre eller fem år mellom kvar gong alt etter kor gamle ungane er.

Senterpartiet gjorde tidlegare i år framlegg om at alle gjenverande lensmannskontor skulle få behalde passtenesta, men vi fekk ikkje støtte frå noko parti. Dette er paradoksalt all den tid stortingsfleirtalet to år før vedtok den såkalla nærpolitireforma, der poenget var at det skulle bli meir polititenester nær folk.

Sidan er 122 lensmannskontor vedtatt nedlagt. No kjem saka om passtenestene snart til Stortinget. Vi får sjå om det nye stortingsfleirtalet vil gjera alvor av løftet om nære tenester i det minste når det gjeld høvet til å skaffe seg og fornye pass.

- innlegget stod og på trykk i Dagbladet 27. september 2017