Meny
Jenny Klinge er stortingsrepresentant  for Senterpartiet i Møre og Romsdal

Vegansk skrekkscenario

Sist endret: 05 10 2020

Norsk vegansamfunn vil ha ein nasjon av veganarar. Dessverre er dette eit reelt skrekkscenario for alle som er opptekne av nasjonal matproduksjon, matberedskap og opne kulturlandskap, skriv Jenny Klinge.

- av Jenny Klinge (Sp) stortingsrepresentant for Møre og Romsdal

Kampen mot kjøtt og fisk er absurd i eit land som vårt. Likevel går Norsk vegansamfunn laus på norsk matproduksjon. Dei trur tilsynelatande at det å leggje ned alt norsk husdyrhald og kutte ut fiskeria skal redde helsa, dyra og samfunnet vårt. Dei ser ikkje at det er mogleg å bry seg om dyr og dyrevelferd samtidig som ein er for husdyrhald og et animalsk føde som del av kosthaldet. Dessverre forstår dei ikkje samanhengen mellom naturgjevne forhold, geografi og klima og kva som er mogleg å produsere av mat med både proteinar, karbohydratar og feitt i det langstrakte og ganske så kalde landet vårt.

Det er eit grunnleggjande viktig mål å sikre best mogleg sjølvforsyning og at mest mogleg av fôrressursane i husdyrhaldet er norske. Norsk vegansamfunn lagar eit poeng utav at ein stor del av arealet i landbruket vårt går til dyrefôr. Dei meiner vi heller skulle hatt produksjon av vegansk mat på dette arealet. Vel, 70 prosent av bøndene driv med husdyrhald fordi mykje av landbruksarealet består av gras og beitemark som ikkje eignar til annan produksjon. Eg beklagar, men eg må faktisk informere om at vi menneske verken kan eta gras eller beite i utmark. Men vi kan eta kjøtt og drikke mjølk frå husdyr som omset energien frå graset til mat til oss menneske.

Vegansamfunnet har eit urealistisk syn på korleis den nasjonale matproduksjonen må gå føre seg dersom vi skal ha ein høg grad av sjølvforsyning. Dei påstår at dette er mogleg å oppnå med ei vegansk befolkning. Dei bør ikkje få lure mange til å tru at vi sikrar mette nordmenn for framtida ved å kutte ut viktige delar av kosthaldet vårt. For landbruksareal som ikkje blir brukt, gror rett og slett att, og med det forsvinn matberedskapen.

Ei viss mengde av råvarene til kraftfôr blir importerte. Dette har same årsak som at vi ikkje kan dyrke all mat direkte til menneskeføde. Vi får rett og slett ikkje til å dyrke ei stor nok mengde planter med høgt proteininnhald. Derfor blir det arbeidd målretta med å finne norske erstatningar til importert protein i dyrefôr. Forsking på bruk av trevirke og tang og tare er døme på dette. Ikkje minst er det mogleg å forbetre det norske graset og å auke bruken av gras og beite til drøvtyggarane kyr, sau og geit.

Eg meiner det er fornuftig og framtidsretta å innrette dei økonomiske ordningane slik at det løner seg for bonden å auke bruken av norske fôrressursar. Endå betre dyrevelferd vil også bli resultatet dersom vi stimulerer til meir beiting.

r til stades for å mette stadig fleire nordmenn ved å auke husdyrhaldet. Då må vi begynne med å stoppe attgroinga av kulturlandskapet og ta i bruk meir av arealet. Vi kan ikkje gjera det motsette, som ideologien til Norsk vegansamfunn ville føre til, å la store areal gro att til kratt og etter kvart mørke skogar.

Kjøtt og fisk i kosthaldet vårt gjer det mogleg å bli heilt sjølvforsynte dersom det er målet. Ein nasjon av veganarar vil derimot føre oss inn i matkrise. Alternativet er massiv import av proteinrike planter. Ein forskingsrapport frå NMBU viser at 6,5 millionar dekar utanlandsk jord måtte bli brukt til dette føremålet om nordmenn flest vart veganarar.

Det kjem av at mange av desse plantene ikkje veks godt her til lands, men vi menneske må jo ha protein. Det er ikkje særleg solidarisk eller forsvarleg å basere kosthaldet vårt på matdyrking på utanlandsk jord i ein mykje større grad enn no.

Eg har tidlegare teke til orde for at vi heller bør ha krattskam enn kjøttskam. Dersom vi absolutt skal skjemmast for noko, då. Vi kan ikkje tillate at kjøttskammen breier seg om på ei slikt vis at landbruket forsvinn mange stader og krattet tek overhand. Då tapar vi store areal som no ein viktig del av matproduksjonen og matberedskapen vår.

Vegansamfunnet treng ei realitetsorientering. Dei kan begynne med å forstå at den norske bonden driv landbruk i verdstoppen når det gjeld dyrevelferd og svært lite antibiotikabruk. Deretter kan dei ta seg ein sykkeltur rundt til alle dei delane av landet vårt der husdyrhald er einaste alternativet.