Gå til hovedinnhold

Matvareberedskap og sjølvforsyning

mat-grønnsaker-30908823502_a3b05b01c4_o

I ei uroleg global tid har ein fått auka merksemd kring import av mat og andre varer, og at handelsvegane fort kan bli avskorne.  Med auka merksemd på klima, berekraft og miljø er det tida for å tenkje og handle meir lokalt – og syte for at ein optimaliserer sjølvforsyning og matproduksjonen samla i Noreg.

 

Agder senterparti oppmodar regjeringa til å sette fokus på matvareberedskap og sjølvforsyningsgrad i alle delar av landet, og å stimulere til meir dyrking av varierte matvarer for eigen befolkning.

Med klimaendringar og stadig inovasjon på plantesortar og teknologi, kan det og vere potensial for å dyrke fleire råvarer i Agder framover enn det ein gjer i dag. Det kan og medverke til at mindre areal som i dag ikkje blir nytta, kan bli aktivum for småskala grønsakproduksjonar osb.

Agder senterparti føreslår at alle regionar og kommunar blir bedne om å kartlegge sjølvforsyningsgraden, og å legge planar for korleis ein kan auke lokal matproduksjon.

 

 

Uttalelse vedtatt på fylkesårsmøtet i Agder Senterparti 2023