I ei uroleg global tid har ein fått auka merksemd kring import av mat og andre varer, og at handelsvegane fort kan bli avskorne. Med auka merksemd på klima, berekraft og miljø er det tida for å tenkje og handle meir lokalt – og syte for at ein optimaliserer sjølvforsyning og matproduksjonen samla i Noreg.