Meny
Ambulanse-utrykning-helse-49101204433_ce21fa8b3c_o

Tenester nær folk – helse og tryggleik i distrikta

Sørlandet Sjukehus SF har bestemt at ambulansetenestene skal organiserast direkte under dei frå 2024.  I det kan ligge fordelar til samordna drift – og bruk av ny teknologi og kommunikasjon mellom medic i bil og spesialistar på sjukehuset.

Samstundes er ein uroleg for at effektiviseringsmål kan medføre at ein over tid får færre lokasjonar av ambulansar ute i distrikta, og at desse blir om-dirigerte til andre oppdrag ved behov for dei i andre deler av føretaket sitt område. Dette i hop med vanskar med å få legedekning og velfungerande legevaktsordningar, kan medføre at ein ikkje har tilgjengeleg personell og utstyr til å handtere akutte og alvorlege sjukdomshendingar raskt nok.

Vi ønskjer at ein ikkje skal oppleve at når sjukebilen er på veg til sjukehus, er det ikkje tilgjengeleg ar ambulanse før denne er tilbake (opptil 7-8 t). Det er og viktig å ha krav som omfattar nabostasjonar og korleis ein sikrar døgnkontinuerleg tilstadevere og trygge tenester nær folk – dersom desse er på oppdrag samtidig, og det heller ikkje er stadleg legeteneste/legevakt. (Det er heller ikkje alle dagar det er vær til å tilkalle og lande legehelikopter. )

Agder senterparti ser trong for at det blir fastsett ein norm for minimums legedekning, avstandskrav til kor stort område legevaktordningar kan femne. Vidare atdet blir sett krav til responstid / minimum tilstadvere for ambulanse og «bakvakt-bilar.