Auke bompengeavgifta for elbilar til 100 %
Ei gradvis opptrapping av bompengeavgifta for elbilar til 100 prosent er etter vår vurdering eit nødvendig og rettferdig grep.
Dagens ordning gir redusert klimaeffekt av bompengar.
Transportøkonomisk institutt (TØI) har analysert konsekvensane av endra elbilfordelar og funna viser at full bompengetakst for elbilar er eitt av tiltaka som påverkar utsleppsreduksjonane mest. Når elbilen blir vesentleg billegare å bruke, aukar også den totale bilbruken. Dermed går utsleppa ned seinare enn tidlegare føresett, sidan fleire reiser skjer i bil i staden for kollektivt, sykkel eller gange.
Dagens rabatterte bompengeordningar har altså utilsikta effektar. Sjølv om elbilar ikkje slepp ut CO₂ lokalt, bidreg dei til kø, arealpress, vegslitasje og behov for meir infrastruktur. Bompengar er eit verkemiddel som skal regulere trafikk, ikkje berre utslepp, og bør difor gjelde likt. I dag er det staten som regulerer bompengeavgiftene for elbilar. Maksgrensa er sett til 70%. Hordaland Senterparti meiner at denne grensa må bort og at kvar kommune sjølv bør kunne regulere desse satsane.
Insentivnivået er i dag høgare enn nødvendig.
Norsk elbilpolitikk har gjort elbilen til førstevalet for svært mange. Over ein firedel av alle personbilar i landet er no elektriske, og fire av fem bilar som førstegongsregistrerast er elbilar. Dette viser at marknaden er moden, teknologien er etablert, og insentivbehovet ikkje lenger er like sterkt som før (nrk.no).
Konklusjon.
Å auke bompengeavgifta for elbilar til 100 prosent er eit naturleg steg inn i ein meir moden fase av elbilpolitikken. Hordaland Senterparti meiner dette vil sikre betre trafikkregulering, skape eit meir berekraftig bompengesystem, styrke rettferda mellom trafikantar, og bidra til ei meir heilskapleg og treffsikker klimapolitikk.
Elbilfordelane har gjort jobben sin. No treng vi eit system som er økonomisk, miljømessig og sosialt berekraftig – også på lang sikt.
Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti 8. mars 2026.