-Bygg sterke helsetenester nær folk.
Senterpartiet har vore ein garantist for tenester nær folk. No må denne politikken konkretiserast gjennom ei målretta styrking av distriktspsykiatriske sentra (DPS) og distriktsmedisinske senter (DMS).
Demografien krev handling.
Noreg står framfor ei markant demografisk endring. Talet på eldre vil auke kraftig dei komande tiåra, samstundes som den yrkesaktive delen av befolkninga blir relativt mindre.
Dette betyr:
- Fleire pasientar med samansette og langvarige behov.
- Auka press på kommunale helse- og omsorgstenester.
- Hardare konkurranse om helsepersonell.
I denne situasjonen er det ikkje berekraftig å samle meir behandling ved store sentrale sjukehus. Vi må byggje sterke, desentraliserte fagmiljø, som kan støtte opp under den kommunale helsetenesta.
Ei større spreiing av spesialisthelsetenesta gjennom DPS og DMS vil:
- Styrkje kompetansen lokalt.
- Skape robuste fagmiljø i distrikta.
- Avlaste kommunane gjennom tettare samhandling.
- Redusere unødige innleggingar og pasientreiser.
Desentralisering er ikkje berre distriktspolitikk – det er eit svar på den demografiske utviklinga.
DPS må styrkjast.
Behovet innan psykisk helse og rus aukar. DPS er nøkkelen til tidleg innsats, samanhengande pasientforløp og avlasting av sentralsjukehusa.
Hordaland Senterparti meiner at:
- DPS-kapasiteten må aukast i tråd med behovet.
- Talet på døgnplassar skal styrkjast der presset er stort.
- Ambulante og tverrfaglege team skal byggjast ut.
- Rus og psykisk helse skal integrerast tettare i DPS-strukturen.
DMS må bli ein del av fast struktur og reell samhandling.
Distriktsmedisinske senter gir betre overgang mellom kommune og sjukehus og meir effektiv bruk av ressursar. Erfaringane frå Knarvik Helsehus i samarbeid med Helse Bergen viser at dette fungerer når samarbeidet er forpliktande.
Hordaland Senterparti meiner at fleire slike senter må utviklast som ein integrert del av spesialisthelsetenesta – ikkje som enkeltprosjekt. Når oppgåver skal løysast nærare pasienten, må finansiering, kompetanse og ansvar følgje med. Samhandling krev likeverdige partar.
HORDALAND SENTERPARTI KREV AT:
- Det blir lagt fram ein nasjonal opptrappingsplan for DPS.
- Helseføretaka får ei tydeleg plikt til å utvikle desentraliserte spesialisthelsetenester gjennom lovendring.
- Fleire DMS blir etablerte i forpliktande samarbeid mellom kommunar og helseføretak.
- Finansieringsordningane skal fremje samhandling og styrkje kommunal bereevne.
- Rekruttering og spesialistutdanning i større grad blir knytt til DPS og DMS i distrikta.
Å styrkje DPS og DMS er eit nødvendig grep for å møte framtidas demografi, sikre robuste fagmiljø og byggje helsetenester som varer. Senterpartiet skal vere garantisten for helsetenester nær folk – også når befolkninga endrar seg.