Gå til hovedinnhold

Dina Lervåg frå Bjørnafjorden ny fylkesleiar i Hordaland Senterparti

fylkesstyret
Under Hordaland Senterparti sitt fylkesårsmøte i Ulvik, vart Dina Lervåg (49) vald til ny fylkesleiar i fylkesdelslaget.

Lervåg kjem frå Os i Bjørnafjorden. Ho har det siste året vore nestleiar i Hordaland Senterparti, og har synt seg å vere eit hardtarbeidande og grundig organisasjonsmenneske.

 

Avtroppande fylkesleiar Nils T Bjørke kunne fortelje møtelyden at organisasjonen er i gode hender med Dina som fylkesleiar i åra som kjem..

 

-Eg er veldig glad og takksam for den tilliten fylkeslaget har gitt meg. Eg gler meg til å jobbe saman med lokallaga i heile Hordaland for å løfte fram god Senterparti-politikk fram mot lokalvalet i 2027, seier Lervåg.

 

 

Heile det nye fylkesstyret for 2026/2027 ser slik ut:

 

Leiar: Dina Lervåg, Bjørnafjorden

Nestleiar: Hans Inge Myrvold, Kvinnherad – ikkje på val

Nestleiar: Jacob Bjelland, Stord

Studieleiar: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, Ullensvang

Styremedlem: Sølvi Kobbeltvedt, Øygarden

Styremedlem: Sara Hamre Sekkingstad, Alver – ikkje på val

Styremedlem: Thomas Flesland, Bergen

 

1.vara: Tonje Såkvitne, Voss

2.vara: Gunn Tove Kalnes Skjervheim, Alver

3.vara: Magnus Erdal, Samnanger

4.vara: Henrik Nordtun Gjertsen, Kvam

5.vara: Randi Karin Habberstad, Bømlo

6.vara: Trine Helle Simmenes, Vaksdal