Ei tannhelseteneste nær folk
Årsmøtet i Hordaland Senterparti meiner at ei slik utvikling i praksis flyttar kostnaden over på brukarane. Foreldre må ta fri frå arbeid i fleire timar for å følgje borna til tannlegekontrollar langt unna. For eldre og sårbare grupper, som ofte treng følgje, vil lengre reiseveg vere ei betydeleg ekstra belastning – både praktisk og økonomisk.
For oss i Senterpartiet er dette ei kjernepolitisk sak. Vestland fylke har SP-leiing og me har eit særleg ansvar for å løfte fram distriktsomsyn og sikre at tenestene faktisk er der folk bur. Ei sentralisering av tannhelsetenesta sender eit tydeleg og uheldig signal til innbyggjarane våre; at nærleik til tenester ikkje lenger blir prioritert. Dette er verken samfunnsøkonomisk berekraftig eller i tråd med ambisjonen om å byggje sterke lokalsamfunn.
Tannhelsetenesta er ei av dei mest brukte offentlege helsetenestene for barn og unge, og det er avgjerande at også eldre og andre prioriterte grupper har eit fullverdig og tilgjengeleg tilbod i nærleiken av eigen bustad. Nettopp derfor må tenesta vere nær, trygg og lett å nå. Ei sentralisering som gjev tilbodet mindre tilgjengeleg, vil svekkje både førebygging, oppfølging og folkehelse.
Nærleik til tenester er Senterparti‑politikk, og engasjementet frå fleire lokallag viser at saka er breitt forankra i regionen, og at struktur kring helsetenestetilbodet er ei sak me står samla om.
Dette handlar ikkje berre om logistikk – det handlar om folkehelse, om meistring, om tryggleik og om retten til offentlege tenester der folk bur.
På denne bakgrunnen ber fylkesårsmøtet om at fylkestingsgruppa arbeider for ei løysing som sikrar at tannhelsetenesta framleis er tilgjengeleg der folk bur, og at dagens desentraliserte struktur blir vidareført.
Forslag til vedtak:
Hordaland Senterparti vil oppretthalde dagens tenestestruktur for tannhelsetenesta i regi av Vestland fylkeskommune.
Fråsegna er vedteken på fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti 8. mars 2026.