Gå til hovedinnhold

EU, viktigare enn næringslivet på Vestlandet?

Skrevet av: Sigrid Brattabø Handegard Fylkestingsrepresentant
Anda-Lote-ferge-ferje-elektrisk-mai-2018_42579192931_o

Vestland er verdiskapingsfylke nummer ein. Vestland er eksportfylke nummer ein. Det skal me vera framover og. Vestland er også ferjefylke nummer ein. Difor betyr det vesentleg reduserte kostnader for næringslivet at Sp har fått gjennomslag for gratis på enkelte, og halvpris på resten av ferjesambanda i fylket vårt.

No skal me vidare. Senterpartiet prioriterar gratis ferje for alle samband i neste Stortingsperiode. Ferjene er ein del av vegnettet vårt.

Det vil for eit middels transportselskap i Vestland bety mellom 1-1,5 millionar sparte kostnader i året. Det vil bety auka konkurransekraft.

Som leiar i Næringsutvalet i Vestland fylke er eg difor svært overraska over at Vestlandspolitikarar både i H og Ap går imot dette forslaget.

I tillegg til bompengar, som me har mykje av her i vest, auka reisetid p.g.a. avstandar, er ferjekostnadane ei betydeleg utgift og konkurransevridande ift. næringslivet i andre deler av landet, som har lite bompengar og ikkje ferjer. Det burde uroa næringspolitikarar også i H og Ap!

Det er direkte oppsiktsvekkjande at H vil fjerne formueskatten med 21 mrd, som i større grad treffer dei store selskapa med forretningsadresse Oslo og omegn, med argumentasjonen om likeverdige konkurransevilkår med resten av Europa. Så er det same H mot at næringslivet langs kysten i Norge ikkje skal ha mest mogeleg like konkurransevilkår som resten av landet, som ikkje har ferjer, og det til ein kostnad av ein halv mrd.! Forstå det den som kan!

Senterpartiet skal stå på for næringslivet både i by og bygd, med ein meir geografisk rettferdig formueskatt med auke i botnfrådraget som særleg vil hjelpe små og mellomstore bedrifter i heile landet, og gratis ferjer til alle!

 

Sigrid Brattabø Handegard, Sp

Fylkestingsmedlem