Meny
ASKELAND, JON, UTE

Jon Askeland innstilt som fyrstekandidat i Vestland Senterparti

Nominasjonsnemnda i Vestland Senterparti har samrøystes valt å innstille Jon Askeland som fyrstekandidat for fylkestingsvalet i 2023. Endeleg valliste er det nominasjonsmøtet i Vestland Senterparti som vedtek november i år.

"Jon Askeland er ein samlande kandidat som kjenner heile fylket godt og har brei politisk erfaring", seier leiar i nominasjonsnemnda Jenny Følling.

Jon Askeland var Vestland Senterparti sin fyrstekandidat ved fylkestingsvalet i 2019, og vart same året valt som fylkesordførar i Vestland. Jon er 58 år og kjem frå Radøy i Alver kommune. Askeland har tidelgare vore ordførar i Radøy kommune frå 2007 til 2019, og har god politisk erfaring med seg inn i nominasjonen.

"Gjennom dei åra Askeland har vore fylkesordførar har han opparbeidd seg mykje kunnskap og har synt handlekraft og skapt tryggheit i krevjande tider", seier Følling.

Nominasjonsnemnda skal jobbe vidare med nominasjonen av dei øvrige kandidatane på lista fram til endeleg vedtak i november.