Kor står Senterpartiet i skattepolitikken ?

I denne valkampen har skattepolitikk stått høgt på dagsorden men når ein har følgt med på debatten så kan det verka som alt handlar om ein er for eller imot formueskatt, men skattepolitikk er så mykje meir enn det. Eg håpar at veljarane gjennom dette innlegget kan bli noko klokare på Senterpartiet sin skattepolitikk.
Grunnlaget for Senterpartiet sin skattepolitikk er at skattebyrda skal fordelast rettferdig og at alle skal skatte etter evne, både for inntekt og formue. Me ynskjer eit skatte- og avgiftsnivå som fremjar arbeid, verdiskaping og styrker norsk og lokalt eigarskap. Samtidig ynskjer me ein skattepolitikk som sikrar god omfordeling både sosialt og geografisk. For Senterpartiet betyr dette å sikra rettferdig fordeling av ressursar og tenester over heile landet slik at alle skal ha same moglegheiter uavhengig kor ein bur og kva for økonomisk utgangspunkt ein har.
Me går ikkje til val for å fjerne heile formueskatten, men ser at det behov for endringar for å sikra norsk eigarskap og konkuransekraft. Derfor vil me redusere formuesskatten for eigarar av små og mellomstore bedrifter, mellom anna gjennom auka botnfrådrag og verdisetjingsrabatt. For bedriftene ynskjer me også å forbetre dei skattemessige avskrivingsreglane og halde bedriftsskattlegginga på eit nivå som bidreg til at norsk næringsliv blir meir konkurransedyktig og kan helde oppe verksemda si i Noreg og at overskotet blir reinversert i bedriftene. Me ynskjer også å aktivt nytte skattepolitikken som verkemedel for å gje moglegheiter og utvikling i alle delar av landet. Derfor ynskjer me framleis å styrke dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla i skattesystemet, til dømes ved å oppretthalde og styrke den differensierte arbeidsgivaravgifta.
For den jamne skattebetalar ynskjer me å redusere skatten for låge og vanlege inntekter. Me ynskjer også å redusere avgiftene til innbyggarane, dette i motsetning til fleire andre parti både til høgre og venstre i politikken. Eit eksempel er Høgre sitt ynskje om å innføra avgift på kjøtt og melkekartongar. Avgifter rammer sosialt skeivt ved at dei som har dårleg råd må betale like mykje i avgifter som dei som har god råd. Dette er dårleg fordelingspolitikk.
Senterpartiet ynskjer også å redusera ulempene for dei som må pendla ved å fortsette å auke pendlarfrådraget. Me er også sterkt i mot ein statleg eigedomskatt, skal ein ha eigendomskatt skal dei inntektene gå direkte til kommunane, ikkje sendast til Oslo.
Eg kunne ha skrive mykje meir om Senterpartiet sin skattepolitikk og prioriteringar, men eg håpar at lesarane gjennom dette innlegget i alle fall har blitt noko klokare på kvar Senterpartiet står i skattepolitikken. Skattepolitikk handlar for Senterpartiet om meir enn formueskatt, skattepolitikk handlar om verdiskaping samt sosial og geografisk utjevning.