Me treng ei satsing på kvinnehelse nå !

I dei siste åra har me gjennom media fått høyra fleire historiar frå kvinnner som i mange år har gått med store smerter, dårleg søvn, utmattelse og andre plager. Dei blir alt for ofte møtt av eit helsevesen med for lite kunnskap og forståing. Etter lang tid har det visst seg at dei har diagnoser som endometriose, adenomyose, fibromyalgi eller andre typiske kvinne sjukdomar. Det er historiar om kvinner som har blitt uføretrygda, og så viser det seg at dei er kommen i overgangsalderen. Med enkle grep og behandling så kjem dei seg tilbake i arbeid.
I 2023 var det 224.741 kvinner i Noreg som var uføretrygda.Til samanligninging var det 155.000 menn,det betyr at det var 70.000 fleire kvinner enn menn som i 2023 var uføretrygda grunna sjukdom og helseutfordringar.
For meg er det ingen tvil om at kvinners helse har blitt og fortsatt blir nedprioritert. Eit eksempel på det er at det i Noreg gjennomsnittleg tar 7 år for å få diagnosen endometriose, 7 år..!
Tida er utvilsomt der at me må begynne å ta kvinnehelse på alvor. Me må så snart som mogleg få på plass ein kvinnehelsemilliard som skal bidra til auka forskning og kunnskap om kvinnehelse. Me må få ned vente, utredning og behandlingstida for sjukdommar og tilstandar som rammar hovedsakleg kvinner. Me må oppdatera og gjera endring i dei nasjonaleretningslinjene og finansieringssystemet, slik at forebygging og behandling av sjukdommer og tilstander som rammer kvinner får ein høgare prioritering.
Ei satsing på kvinnehelse er ei viktig satsing for kvar enkelt som blir ramma av sjukdom og plager, men ikkje minst er det også ei viktig satsing for heile samfunnet.