Meny

Nils T Bjørke innstilt som leiar for Hordaland Senterparti

Publisert: 17 02 2022

Valnemnda i Hordaland Senterparti har innstilt stortingsrepresentant Nils T Bjørke som fylkesleiar i Hordaland Senterparti.

Nils T Bjørke er ein 62 år gammal bonde frå Voss. Han har lang erfaring som organisasjonsmann, og sat som leiar i Noregs Bondelag frå 2009 til 2014.

I dag er han inne i sin andre periode som stortingsrepresentant for Hordaland Senterparti.

eW8-8RvA.jpeg

-Jostein Ljones varsla tidleg i prosessen at han ikkje ynskja attval som fylkesleiar.

Valnemda ynskjer å takke Ljones for den store innsatsen han har lagt ned i 10 år som fylkesleiar, seier leiar i valnemnda, Annlaug Såkvitne.

 

Ei einstemmig valnemnd har innstilt Nils T Bjørke som ny leiar i Hordaland Senterparti. Bjørke er medlem av Stortingets kontroll-og konstitusjonskomitè og andre visepresident i Stortingets presidentskap. Sidan Kjersti Toppe vart statsråd hausten 2021 har Bjørke møtt fast i fylkesstyret. Han har med seg mykje organisasjonserfaring og har ein stødig og samlande veremåte.

 

Me gler oss alle over at pandemien no slepp taket, og ser fram mot meir normale tider med fokus på organisasjonsutviklig og politikk. Då er det kjekt å innstille eit slikt sterkt, motivert og mangfaldig mannskap til fylkesstyret i Hordaland Senterparti, avsluttar Såkvitne.

 

Framlegget frå valnemnda til fylkesstyre i Hordaland Senterparti er som følgjer:

 

Leiar: Nils T Bjørke - Voss

Nestleiar: Lars Fjeldstad -Osterøy

Nestleiar: Hege Eide Vik -Vaksdal

Studieleiar: Alexander Fosse Andersen - Bergen

Styremedlem: Bjørn Asle Teige -Bømlo

Styremedlem: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund -Ullensvang

Styremedlem: Rigmor Søvik -Masfjorden