Meny
nils

NILS T BJØRKE VALD TIL NY FYLKESLEIAR I HORDALAND SENTERPARTI

Publisert: 01 04 2022

 

Stortingsrepresentant Nils T Bjørke vart fredag vald som ny fylkesleiar i Hordaland Senterparti. Bjørke er ein 63 år gamal mann frå Voss.

Han har lang erfaring som organisasjonsmann, og sat som leiar i Noregs Bondelag frå 2009 til 2014.

I dag er han inne i sin andre periode som stortingsrepresentant for Hordaland Senterparti.

 

Bjørke takka for tilliten, og ser fram til arbeidet med eit godt nytt styre.

Han takkar også Jostein Ljones for alt arbeidet han har lagt ned for Hordaland Senterparti etter 10 år som fylkesleiar.

-No er hovedoppgåva mi å samordna kreftene i lokallaga og i fylkeslaget, og å vere eit bindeledd mot storting og regjering.

 

nils og jostein.jpg
Ny fylkesleiar i Hordaland Senterparti, Nils T Bjørke, saman med avtroppande leiar Jostein Ljones.

 

 

Med seg i fylkesstyret får han eit breitt utval av senterpartistar frå heile Hordaland:

 

Leiar: Nils T Bjørke - Voss

Nestleiar: Lars Fjeldstad -Osterøy

Nestleiar: Hege Eide Vik -Vaksdal

Studieleiar: Alexander Fosse Andersen - Bergen

Styremedlem: Bjørn Asle Teige -Bømlo

Styremedlem: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund -Ullensvang

Styremedlem: Rigmor Søvik -Masfjorden