Gå til hovedinnhold

Osterøy Ferjeselskap får kompensert tapte billettinntekter som fylgje av Covid19-pandemien!

My project (26)

I dag handsama fylkestinget ei sak om utbetaling av kompensasjon til Osterøy Ferjeselskap for å dekka inn tapte billettinntekter som fylgje av Covid19-pandemien.

Fylkestinget vedtok samrøystes at tapte billettinntekter selskapet har hatt i pandemien skal kompenserast, opp til 4,3 millionar kroner.

«Ei gladsak for Osterøy, Bergen, Nordhordlandsregionen og heile Vestland» sa fylkestingsrepresentant Lars Fjeldstad frå talarstolen på sommartinget i Rosendal.

«Eg er glad for at Senterpartiet fyrst lyfta denne saka i møtet i fylkesutvalet tidlegare i år og at fylkestinget no løyver opp til 4,3 millionar for å redda sambandet som har hatt det tøft dei siste åra som fylgje av pandemien.

Ferjesambandet Valestrand – Breistein som er drifta som eit privat ferjesamband av Osterøy Ferjeselskap er viktig for heile regionen og spesielt viktig for fylkeskommunen sitt kollektivtilbod inn og ut av Osterøy. Difor er det rett og rimeleg at Vestland Fylkeskommune no kompenserer selskapet for tapte billettinntekter.» avsluttar Fjeldstad.