Meny
2019 - Landskap med steinras, Årdal, Sogn og Fjordane

Rassikring og vegstandard i Vestland

Gjennom sumarmånadane har turisttrafikken i Vestland på ny vore formidabel. Det er sjølvsagt ei stor gleda at turistar frå inn- og utland, legg ferieturen sin til den rike og spektakulære naturen og kulturen vår i vest. Men ein kan ikkje lenger gamble med liv og helse. Og særlig gjeld dette for fastbuande i distrikta, som ikkje kan leve med denne belastninga i sin kvardag lenger.

Gjennom mange tiår har ein påpeika det store etterslepet og skrikande behovet for rassikring og vedlikehald av riks- og fylkesvegar i fleire av landsdelane. I Vestland fylke er dette behovet klart størst.

Eit samla Storting har no bedt regjeringa om ein forpliktande og heilskapeleg plan for korleis sikra ei framdrift som både prioriterer vegstrekningar men ikkje minst ivaretar liv og helse.

Diverre har tidlegare regjeringar, og i særleg grad epoken med Høgre og Framstegspartiet ved roret, hatt ein iver etter å bygge ut gigantiske motorvegprosjekt. For mange av desse gigantutbyggingane, har vegstandard og framkomelegheit allereie vore på eit akseptabelt nivå, samanlikna med vegtrasear i vest. Det står ikkje til truande når Høgre sin gruppeleiar Bjørkly i desse dagar er ute og kritiserer den nye regjeringa for å ikkje løyve tilstrekkeleg av midlar til rassikring. Ein må berre minna om at det er denne hausten regjeringa legg fram sitt fyrste statsbudsjett.

Dei siste vekene har ein lest om ras og skred som har blitt utløyst på sterkt trafikkerte samferdsleårer som til dømes RV 13 i Tyssedal, og denne veka E16 ved Gudvangen. Fellesnemnaren for dei begge er at dette er godt kjent frå Statens Vegvesen si kartlegging, og skulle aldri ha vore i den livstruande forfatning og situasjon som ein opplev.

Det er ei stor styrkje for landsdelen at ein frå Ap/SP-regjeringa si side, gjennom Hurdalsplattformen, har slått fast ei betydeleg satsing på rassikring og vedlikehaldetterslep frå regjeringa si side. Når regjeringa sitt fyrste statsbudsjett vert lagt fram i haust, må dette vere starten på ei opptrapping men like fullt ein forpliktande avtale om å ta innbyggjarane i denne delen av landet på alvor.

For Senterpartiet vil dette vere vår tydelege prioritering gjennom alt vårt arbeid innan samferdslesektoren frametter.

Hans Inge Myrvold
Stortingsrepresentant Senterpartiet

Lajla-Margrethe Lindskog-Lund
Gruppeleiar Senterpartiet i Ullensvang kommune