Meny
My project (30)

Regjeringa sikrar frivilligsentralane

Det er til stor glede at regjeringa sikrar frivilligsentralane over heile landet. Regjeringa sikrar likt tilskot til sentralane uavhengig av kvar i landet dei er lokalisert. Hurdalsplattforma har eit mangfald av satsingar innan frivilligheit og kultur, og seier blant anna at frivilligheita skal ha god tilgang på lokale, anlegg og utstyr, og regjeringa skal fjerne hindringar for frivillig engasjement, som unødvendige søknadsprosessar og papirarbeid. Forskriftsendringa samsvarar godt med satsinga i regjeringsplattforma, og syner ei viktig handlingskraft for frivilligheita. 

Solberg-regjeringa fjerna det øyremerka tilskotet til frivilligsentralane. Regjeringa har gjort om på dette, og no vert det ei søknadsordning som skapar føreseielgheit. Kommunane vil søke på vegner av sentralane. I tillegg til ny forskrift for frivilligsentralar sikra regjeringa full momskomepasjon til frivilligheita for 2021. Det er feil å skattelegge frivillig innsats.     

Det kjem av pressemelding frå regjeringa at det i 2022 vart fordelt 213 millionar kroner til 483 frivilligsentralar. I ny forskrift fastslår regjeringa også at der som hovudregel skal vere minst ein tilsett på kvar sentral i 100 prosent stilling. Fordeling av tilskot etter ny forskrift vil skje i 2023.

Frivilligsentralane er ein viktig fasilitatorar, og eit midtpunkt for frivilligheita kringom i heile landet. I kjølvatnet av pandemien og nedstenging er frivilligheita viktigare enn nokon gong. Frivillige aktivitetar for både store og små har dei siste åre vore etterlengta, og regjeringa tek dette på alvor når dei no gjer naudsynt forskriftsendring.  

Frivilligsentralar, lag, organisasjonar og eldsjeler skal ha stor honnør for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. Dugnadsanden for tilrettelegging for unge og eldre i lokalsamfunna er grunnleggande for gode liv, levande lokalsamfunn og eit breitt aktivitetstilbod.

Senterpartiet ser den store verdien som ligg i frivilligheita, og vil halde fram med å gjere det enklare og betre å drive med frivillig arbeid.  

 

Nils T. Bjørke

– Stortingsrepresentant, og fylkesleiar i Hordaland Senterparti

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

– Ordførar i Etne kommune, og fylkestingsrepresentant i Vestland

Torstein Buskaker

– Leiar i Bergen Senterungdom, og sentralstyremedlem i Senterungdomen