Meny
2018 Tunnel på smal bygdevei, Sogn og Fjordane (1)

RTP 2022-2033 – Koalisjonen sine tillegg og merknader i investeringar

Sist endret: 24 05 2022

Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland har i dag handsama sak om investeringar i regional transportplan. RTP skal endeleg handsamast under fylkestinget 21.-22. juni. 

Din finn saka under som PS 50/2022 her

Hovudutvalet vedtok koalisjonen sine forslag til tillegg og merkander i innstillinga:  

Tillegg innstilling pkt 1, innleiing:

Fylkestinget merka seg at det er brei støtte frå kommunar og høyringsinnstansar til å prioritera trafikktryggleik, strekningsvise utbetringar og punktutbetring.

Nytt pkt. 5:

Fylkestinget prioriterar fv. 609 Heilevang for oppstart med rassikringsmidlar i 2022/23 og oppstart av Fv 49 Tokagjelet snarast mogeleg.

Fylkestinget bed vidare om sak med vurdering av delvis bompengefinansiering av rassikrings/vegutbetrings prosjekta; Fv 49 Tokagjelet og Fv 55 Bru over Esefjorden.

Fylkestinget understrekar behovet for auka rassikringsmidlar til fylkesvegane, og har forventning til at statleg løyving kjem snarast, då dette vil sikra framdrifta på viktige rassikringsprosjekt i fylket. Fylkestinget peikar på 6 større prosjekt som må sikrast gjennom auka statleg løyving, samfinansiering og fylkeskommunal løyving. (Tokagjelet, Esefjorden, Arnafjorden, Nordre-Austrepollen, Oldedalen og Steinstøberget). Rassikringsmidlane fylket har til rådvelde vert å nytta til føremålet, og også mindre rassikringsprosjekt nemnt i saka gjennomførast.

Fylkestinget vil peika på viktigheita av raskast mogeleg framdrift i arbeidet med reguleringsplanen på Fv 49 Austepollen-Nordrepollen, samt snarast råd oppstart av planarbeid for Arnafjorden og Steinstøberget. Planlegging av tunnel for skreda Sandvika/Bukkeskora/Heimefonna i Oldedalen må startast opp.

For Oldedalen/ Lodalen skal det utgreiast montering av automatisk varslingsanlegg som permanent sikring av skred, eventuelt som framtidig sikring til vegen kjem i prioritet. Ein må søkje å minske risikoen for rasuhell ved tekniske løysingar som kan inngå i innovasjonsprogrammet som Stortinget har vedteke.

På grunnlag av det pågåande arbeidet med Nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring ber fylkestinget fylkesdirektøren kome tilbake til vidare prioriteringar av skredprosjekt i dei årlege rulleringane av handlingsprogrammet.

Fylkestinget har i tillegg til dette følgende kommentarer til rammene og prioriteringane i Handlingsprogram RTP-Investeringar:

Fylkestinget ser fram til ei sak på korleis fylket best kan nytte seg av ferjeavløysingsordninga i samsvar med Handlingsprogram til RTP 2022-2033.

Fylkestinget prioriterar gang og sykkelveg som eit viktig tryggleikstiltak, særleg i samband med skulevegane. I tillegg til det som alt ligg i saksframlegget vedk GS-prosjekt, vil Fylkestinget peika på at fullføring av Fv 5704 g/s Brandsøyvegen må finne si løysing i inneverande planperiode. Vidare bør oppstart planarbeid FV 49 g/s Sætveithagen- Jondal prioriterast sidan eit evt. riksvegsamband på fv 49 vil liggja noko fram i tid.

Fylkestinget ber også om at kryssløysing på Fv 562 Juvikflaten vert prioritert under mindre utbetringar for auka trafikktryggleik.

Fv 569 og Fv 5412 i Modalen er i svært dårleg stand og fylkestinget bed om at punktutbetring på desse vegane vert vurdert.

Under «prioriterte strekningsvise ubetringar» ber Fylkestinget om ei sak kor med ein utgreiing av delfinansiering med bompengar for strekninga Fv 57 Nistadli – Sætenes.

Fylkestinget ber om at prosjektet Fv 587 Grimesvingane må avklarast i dialog med Bergen kommune, og sjåast i samanheng med utbygging av bybanens byggjetrinn 5 til Åsane og Ringvei aust.

Nytt pkt. 7:

Fylkestinget vil understreka viktigheita av effektive planprosessar, og bed Fylkesdirektøren vurdera om det er mogeleg å køyre enkle planprosessar på enkle prosjekt med lite konflikt rundt, t.d. gå direkte på utbyggingsavtalar/utbyggingsplan framfor reguleringsplan for å spare tid og kostnad

Nytt pkt. 8:

Fylkestinget vil peika på at midlar til oppgradering av ferjekaiar bør ikkje setjast i arbeid før ein har avklara og vurdert tidsperspektiv for t.d ferjeavløysingsprosjekt eller flytting av ferjeleie på den aktuelle ferjekaien.

Nytt pkt. 9:

Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei sak over kva næringsvegar ein prioriterar punktutbetringar/ strekningsvise utbetringar på, og korleis ein vil nytte ordninga med 50 prosent tilskot, slik Nasjonal Transportplan legg opp til.

Nytt pkt. 10:

Fylkestinget ber om at det vert vurdert å nytta overskotsmassar frå større vegprosjekt for å få betre framkomst og vesentleg lågare investeringskostnader. Det kan nyttast midlar frå mindre utbetringar til dette, td. kan FV 57 Storehaug- Bygstad, FV 576 Gjermundshamn- Tørvikbygd og FV 620 Kjøde Sandvik.

Nytt pkt. 11:

I samband med evt. ny godshavn på Ågotnes syner Fylkestinget til Prinsipp-sak 62/2020- «Forskotteringar mv. i samband med rekkjefølgekrav og fylkeskommunalemidlar», og understrekar at ei evt. oppgradering av fv561 må løysast på denne bakgrunn.

Nytt pkt. 12 (opprinnelig pkt. 6)

Fylkestinget er positiv til samfinansiering av prosjekt, og ber om ei eiga sak om rammer for samfinansieringsprosjekt.

Nytt pkt. 13 (opprinneleg pkt. 7)

Endeleg vedtak av prosjekt vert gjort gjennom oppstartsvedtak i fylkestinget og budsjettmidlar vert løyvd i dei årlege budsjett- og økonomiplanane i desember kvart år.