Meny
Sølvi Kobbeltvedt - ny fylkessekretær i Hordaland Sp

Sølvi Kobbeltvedt vert ny fylkessekretær i Hordaland Senterparti

Hordaland Senterparti får ny fylkessekretær får 1. juni, og det er Sølvi Kobbeltvedt (39) frå Kolltveit i Øygarden kommune som takka ja til stillinga.

«Eg ser fram til å komme i gang i stillinga som fylkessekretær. Dette er ei spennande stilling og eg gler meg til å bli betre kjent med lokallaga rundt om kring i Hordaland. Eg har trua på at vi skal få til eit godt samarbeid» seier den nytilsette fylkessekretæren Sølvi Kobbeltvedt.

Kobbeltvedt jobbar no som lærar på Knappskog skule, og er gruppeleiar og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Øygarden kommune. Ved stortingsvalet i 2021 var Sølvi stortingskandidat for Hordaland Senterparti. Den nye fylkessekretæren vil jobbe tett på lokallaga i Hordaland Senterparti, og saman med fylkesstyret, der Nils T. Bjørke er leiar.

«Eg veldig glad for at Sølvi vert med oss på laget, og at ho vert med å styrker organisasjonen og arbeidet i lokallaga våre. Sølvi kjem til vidareføre det gode arbeidet, og eg er glad for at noverande fylkessekretær Torunn Flatjord er fleksibel med opplæring av ny fylkessekretær samstundes med overgangen til ny jobb i Senterpartiet. Fylkessekretæren er viktig for vidareutviklinga av organisasjonen og lokallaga, og Senterpartiet er og vert eit viktig parti for å sikre gode og levande lokalsamfunn, med nære tenester i heile Hordaland» seier fylkesleiar Nils T. Bjørke.

Fram til 1. juni har Torunn Flatjord vore fylkessekretær i Hordaland. Torunn vert med vidare i Senterpartiet som organisasjonsrådgjevar for hovudorganisasjonen.

«Hordaland Senterparti er heldige som har fått Sølvi med på laget, dette blir ein opptur!» seier avtroppande fylkessekretær Torunn Flatjord.