Gå til hovedinnhold

Trygge lokalsamfunn i eit trygt land

64524332_10161954643455788_5865711315175079936_o-2
Noreg står i ein ny tryggleikspolitisk situasjon. Krig i Europa, aukande stormaktsrivalisering, klimautfordringar og press på kritisk infrastruktur gjer at vi må ta beredskap og tryggleik på største alvor. Skal landet stå støtt i møte med kriser, må vi byggje tryggleik der folk bur – i heile landet.

Sterke kommunar er fundamentet for tryggleik.  Kommunane er grunnmuren i velferdsstaten og totalberedskapen.  Likevel slit mange med svak økonomi.  Eldreomsorga er pressa, og mangel på helsepersonell og pedagogar trugar kvaliteten i tenestene.  Utan ein reell styrking av kommuneøkonomien vil ikkje kommunane kunne sikre dei tenestene som skapar tryggleik i kvardagen.

 

Tryggleik må byggjast nedanfrå.  Levande bygder, lokal matproduksjon, desentralisert energiforsyning og robuste velferdstenester gjer samfunnet motstandsdyktig.  Når vi har busetnad, arbeidsplassar og aktivitet i distrikta, styrkjer me òg den nasjonale tryggleiken.  Lokale tenester nær folk er ikkje berre velferd – det er samfunnstryggleik. 

 

Sentralisering truar beredskapen.  Når skular, helsetilbod eller andre nøkkelfunksjonar blir lagde ned, tapar lokalsamfunna både kompetanse, arbeidskraft og samfunnsstruktur.  Beredskap kan ikkje byggjast i folketomme område.  Norsk matberedskap er avhengig av aktive bønder, lokal foredling og at ressursane i heile landet vert tekne i bruk.

 

Forsvaret treng lokalsamfunn som fungerer.  Eit truverdig forsvar krev tilstadeverande styrker, ikkje berre på papiret, men i heile landet.  Heimevernet er ein berebjelke, med lokalkunnskap og nærleik til folk.  Hordaland Senterparti vil halde fram med å kjempe for eit forsvar som er forankra i heile landet, og for ei beredskapstenking som tek utgangspunkt i både militær og sivil styrke.  Tryggleiken vår byggjer på nærleik, lokalkunnskap og evna til å vere til stades – alltid.

 

Tilliten i det norske samfunnet er ein av våre største styrkar.  Når me stolar på kvarandre og på styresmaktene, føl me råd i krisesituasjonar og stiller opp for kvarandre.  Difor må me halde fast på sterke lokalsamfunn og eit velferdssystem som gjev tryggleik til alle og skapar motstandskraft.

 

Hordaland Senterparti vil at Noreg skal vere eit land som står støtt i stormen, sterkt og motstandsdyktig – fordi vi har eit totalforsvar som byggjer på folk, fellesskap, tillit og fridom. 

 

Tryggleik vert skapt lokalt – ikkje sentralt!

 

Difor meiner Hordaland Senterparti at:

  • Kommunane må få reelle handlingsrom til å oppretthalde desentraliserte tenester.
  • Det må satsast meir på rekruttering og desentralisert kompetanseheving for helsepersonell, lærarar og barnehagepedagogar.
  • Samanhengen mellom busetjingspolitikken og totalforsvaret må tydelegare forankrast og prioriterast i både regional og nasjonal politikk.