Meny
Velkomne til Vestlandstinget

Velkomne til Vestlandstinget

- her i nasjonalromantiske omgjevnader som berre Rosendal under Melderskin og Malmangernuten kan by på

Sist endret: 21.06.2022 #Vestland#Sogn og Fjordane#Hordaland

Du skal tro på spor. Du skal tro på sporene du følger, du skal tro på sporene du setter, men ikke tro på slike som meg. Håpløse vismenn som tror de kan gi råd, men som ikke vet annet enn sin arme råd i all den uro som heter livet, der ingenting står stille - verken tid eller sted. Dette var innleiinga Lars Saabye Christensen så vakkert sa i diktet sitt til prinsesse Ingrid Alexandra på torsdag.

Velkomne til Vestlandstinget her i nasjonalromantiske omgjevnader som berre Rosendal under Melderskin og Malmangernuten kan by på, omgjevnader som viser at me er privilegerte, for sidan sist har krigen i Europa auka og kravd titusenvis menneskeliv, ført millionar på flukt og knust så uendeleg mange draumar. For Noreg fører det til inflasjon, renteauke og økonomi i ubalanse, men me lever som vanleg. Det er vanskeleg å ta inn over seg, dette.

17. mai feira Bjørn Lyngedal og eg i Cardiff, og fornya utvekslingsavtalane for elevar på 2. klasse studspes i heile Vestland, og tre dagar etter med Erfurt i Tyskland,- signert i Bergen. I tillegg har me avtalar med Skottland, Normandie og Missouri. Me møtte tilfredse elevar frå Stryn, Gulen, Stord, Øygarden og Bergen i Cardiff, eg håpar mange unge tar sats på dette tilbodet framover.

Eg skal for ein gong skuld sjå litt bakover,- ulikt meg, men samstundes koplar eg framover. Me skal godkjenna årsmeldinga, som samanfattar ein enorm innsats frå over 6000 tilsette.

Eg vil trekkja fram nokre punkt frå kvart hovudutvalsområde:

Samferdsel,- eg vel opninga av rassikringsprosjektet Ljåteli som vart sett i trafikk i desember. Det gjorde inntrykk å høyra sindige Årdøler gje uttrykk for verdien av rassikre veg i enkle, men sterke ordelag. I dag skal me godkjenna investeringsprogrammet i RTP,- den viktigaste kampen er kampen for meir pengar til fylkesvegar. Og eg let desse to illustrera kor stort behovet er.

Jonathan i Modalen er 15 år og 1,80 m høg. Han fekk plass nedi heile synkeholet på fylkesvegen. Ein dessverre altfor god dokumentasjon på etterslepet vårt på 14 mrd.

Ja, me asfalterer mykje meir i år enn i fjor.

Og for Masfjordordføraren framstår fylkeskommunen som moderne versjon av dei bibelske under når me ein sjeldan gong legg asfalt der inne. Behovet er stort.

Innovasjon og næringsutvikling.

Eg berre seier Grøn region Vestland,- du verden for eit arbeid, og eg hoppar rett til sist veke, då sjølvaste sjefen i Innovasjon Norge trekte fram Grøn Region Vestland som lysande førebilete i den årlege innovasjonstalen sin. Dette inspirerer til vidare innsats, og eg noterer meg at i fasen me no er i,- å setja ut i livet, så ber næringsliv og kommunar Fylkeskommunen om å vera den som får lokale krefter samla til lokal innsats. Jonas: Her er forslaget til Regionvekstavtalar: Gje oss regionale utviklingsmidlar, så skal me gjera skreddarsaumen saman med lokale krefter. Dette verkar! Eg må likevel innom at heile Vestland no er raudt,- det gjeld ikkje partiet, men oppdrettsnæringa, og det er ikkje bra. Oppdrettsnæringa starta her, og her må næring og forvalting gå enno tyngre inn i å løysa luseproblema raskt.

Innan kultur, idrett og inkludering slår Per Morten Ekerhovd fast at me fann gull i 2021.

Ja, det store gullfunnet i Bergen var moro, men me fann gull i overført betydning også,- eg har lyst å trekkja fram posisjonen med har tatt i e-sport både som fritid og utdanning. Dette styrkjer oss som inkluderande samfunn. Men, årsmeldinga viser at det i Vestland er 4 års venting på spelemidlar. I Viken er det 1,5 år. Dette er uakseptable skilnader, og me må kjempa meir med Kulturdepartementet i å få retta opp ulikskapane.

Innan kollektiv gler eg meg over eit heilt år med store reduksjonar i klimagassutsleppa, og at me oppretthaldt rutetilbodet på kollektiv,- dette har hjelpt oss i at me så raskt fekk så mange tilbake i år. Men, me må jobba vidare med billettløysingar tilpassa den nye normalen. Og så vil eg understreka bekymringa for rekruttering av bussjåførar framover. Denne dagsaktuelle problemstillinga må jobbast med, og eg adresserer også dette til nasjonalt nivå for mange av løysingane.

Innan opplæring vil eg mest av alt seia takk til elevar, lærlingar og alle tilsette.

Årets avgangskull i vidaregåande har ikkje hatt eitt einaste normalt skuleår. Dette har vore krevjande, og må følgjast opp. Men, eg er likevel trygg på at dei aller, aller fleste har takla åra og det vidare særs godt. Og så må me følgja opp dei som treng det. Og så gledar eg meg over at dette tinget vedtek bygging av Stord vgs.

Eg stoppar årsmeldingsdykket der, bortsett frå at eg likte haldninga til Pål Fosdal, om at i Vestland sat me ikkje heime og venta på betre tider. Fylkesdirektør;- tusen takk for innsatsen til deg og alle tilsette, og det same seier eg til oss kollegaer i Fylkestinget. Me utviklar Vestland saman.

Me skal også godkjenna rekneskapen og til det seier eg det gamle ordtaket: Det skal god rygg til å bera gode tider. Me fekk eit sterkt resultat, og me har klart å bera tidene, for me har styrkt den økonomiske stillinga vår. Det er ingen som vinn val på å seia at me skal redusera gjeldsgraden i Fylkeskommunen, men me får kreditt for å ha klart det. Og det har me gjort. No ser me nytten av dette, for i år slår auka straumprisar, drivstoffprisar og generell kostnadsauke tungt inn budsjetta våre, me er i same situasjon som mange andre. Men, det er enno meir bekymringsfullt at mange bedrifter lever på stramme marginar om dagen.

Me skal likevel klara å både finna og sjå menneske levera til gull også i år, for det skjer så utruleg mykje flott her i landets viktigaste fylke, og den viktigaste ressursen er oss sjølv i samspel.

Før helga vann me ein bra delsiger, då Equinor varsla storutbygging av havvind ved Troll. Dette frigjev store mengder energi på land igjen frå 2027 om alt går etter planen, Utbygginga skal gjennomførast utan støtte, men eg noterer meg at den byggjer på ei vurdering om ein straumpris på over ei krone framover.

Erna sa: Lykkast Vestlandet lykkast Norge. Jonas har snudd på det i konferanse i Øygarden i vinter: Lykkast ikkje Vestland lykkast ikkje Norge: Det er viktig at sentrale styresmakter då leverer det me treng for å lykkast, så skal me gjera jobben.

Heilt til slutt: Slå ring om demokratiet, det er vår styrke. Mia frå Samnanger, som har vore leiar i Vestland Ungdomsutval var vår representant på 18-årsfesten til Ingrid Alexandra før helga. Det gir håp høyra ei 18 årig prinsesse, så tydeleg hylla verdiane Norge byggjer på, eit ope, trygt og mangfaldig samfunn.

Lars Saabye Christensen avslutta diktet med desse strofene –

Du skal tro på spor som fører deg dit hvor ingen har satt sin fot, og der du er den første som kommer til å gå. Prøvende, selvsikker, engstelig, stolt. Takk.

Godt Vestlandsting her i inkluderande Vestland, for å peika på ei lita namneendring i møtet vårt i Pridemånaden juni den dagen sola snur.