Meny

Alver Senterparti vil kjempa mot ytterlegare sentralisering i Alver kommune

Gode tenester og vakre tur- og badeområde skal vera der folk bur. Alver senterparti vil kjempa i den nye kommunen Alver for at det framover skal vera gode tenester lokalt. Det betyr at Senterpartiet vil ta vare på og utvikla eksisterande skular og barnehagar.

Flest mogeleg born og unge skal kunne gå eller sykla til skulen sin. Eldreomsorga skal vera desentralisert og dei eldre skal kunne velja omsorgsbustadar og koma på sjukeheimar i «sin gamle kommune» om dei ynskjer det. Kommunale tenester som drift skal og vera mest mogeleg desentralisert. Då slepp me mykje pendlarkøyring til og frå «hovudbasar». Det er god miljø- og klimapolitikk.

Senterpartiet vil ha gode fellesskapsløysingar der folk bur, i heile Alver kommune. Alver skal vidareutvikla drikkevassforsyninga og ha høg vasskvalitet og forsyningstryggleik. Alver skal kjenneteiknast av levande bygder som spelar på lag med Knarvik som eit sterkt regionsenter. Våre folk på kommunevallista kjem frå heile Alver kommune, frå Romarheim i aust til Skjellanger og Bøvågen i vest. Ingen kjenner Alver kommune betre enn Alver Senterparti!

Denne artikkelen ble først publisert 30.07.2019