Meny
manger

Nær folk i heile Alver!

Den viktigaste staden i livet vårt er der me bur. Alver Senterparti vil fortsetje arbeidet med å skape bulyst og trivsel i Alver kommune.

Me har eit framtidsretta og aktivt næringsliv i Alver kommune, og vi har frivillige lag og organisasjonar som skapar trivsel, aktivitet og spennande lokalsamfunn.

Alver kommune skal vere ein føreseieleg og aktiv partnar for næringsliv og frivilligheita, slik at dei kan realisere idear, skape meir aktivitet, arbeidsplassar og tilbod i lokalsamfunna.

Me vil utvikla heile Alver kommune. Me har sett retning dei fire første åra, men jobben er langt i frå ferdig.

Får me fornya tillit, skal me fortsetja å stå på for å utvikla heile Alver kommune!