Meny
IMG_3433

Senterpartiet er klar på at vår hovudprioritet dette budsjettet er ein god og inkluderande vidaregåande skule.

Senterpartiet er klar på at vår hovudprioritet dette budsjettet er ein god og inkluderande vidaregåande skule. Ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen er å gi ungdom i heile fylket lik moglegheit til utdanning og skaffe regionalt næringsliv og det offentlege rett arbeidskraft. I denne økonomiplanen vel vi difor å skjerme vidaregåande opplæring for kutt, og plussar på 18 mill kvart år i perioden.

Vi har også foreslått i fylkesstrategien for fagtilbod og fått fleirtal for auka kapasitet på fagtilbod næringslivet etterspør (industri- og teknologifag, elektro, naturbruk og helse/omsorg), vi vidarefører helse- og omsorgsfagtilbod ved Tingvoll og Stranda, vidarefører frisør ved Krsund vgs, og oppretta nytt tilbod i treteknikk/ snekkar i fylket. Dette er tilbod og kompetanse næringsliv og det offentlege treng og etterspør! Og som gir ungdom fleire val og styrkar dei vidaregåande skulane. Senterpartiet satsar på vidaregåande skule! Men vi stoppar ikkje med å styrke drift og fleire fagtilbod, Senterpartiet ønsker også å tenke nytt! :

Sjølv om rekordmange tek yrkesfagleg utdanning i MR, ser vi at næringslivet manglar arbeidskraft og kompetanse - og vi veit at det offentlege har store behov for helsepersonell i åra som kjem. Vi har i utdanningsutvalet vedtatt å sjå nærere på målet om at 90% av elevane med ungdomsrett skal få oppfylt primærønsket sitt versus næringslivet og det offentlege sitt behov for kompetanse, vi skal vurdere eit tettare samarbeid med næringslivet om moderne utstyr på skulane, og vi vil vurdere om noko av opptakskriteria i nokre yrkesfag kan gå på ferdigheiter og ikkje berre karakter. Dette blir spennande tema i 2023. Vi har også lagt inn midlar til sanitærutstyr til jenter ved dei vidaregåande skular i 2023.

Senterpartiet foreslår altså fleire fagtilbod som lokalt næringsliv etterspør, vi styrkar drifta, og har foreslått nye grep. Så er vi også svært glade for at investeringar vi har arbeidd for - saman med andre parti - er med. Dei neste åra vil det bli ei rekke investeringar i bygg, utstyr og forbetringar ved mange vidaregåande skular.

Det betyr 80 mill i fireårsperioden til universell utforming ved vgs, 30 mill til utstyr i Fagfornyinga, 65 mill til nye undervisningsfartøy. Det ligg inne 261 mill til Spjelkavik Arena 2023/24, 550 mill til Ørsta vgs - som har dei dårlegaste bygga, det ligg inne 53 mill til marine fag under Hustadvika vgs 23/24, 45 mill til nytt fjøs ved Gjermundnes i 2023 og vi har lagt inn 10 mill til renovering av internatet. Også Borgund, Hustadvika, Ulstein, Tingvoll, Kristiansund og Herøy ligg inne med midlar 2023-26. Vi sett også av ressursar til utviklingsplan for Tingvoll og Stranda vgs, og det er altså meir enn berre bygg, og i samarbeid med kommunane.

Som kvalitetsmeldinga viser har vi i Møre og Romsdal gode resultat i vidaregåande opplæring - av dei beste i landet. Det må vi bevare - då trengst det også å styrke drifta på vgo - og nye investeringar, slik vi no legg opp til.

 

Per Ivar Lied, fylkestingsrepresentant

-Leiar i utdanningsutvalet i fylkestinget og fylkesordførarkandidat