Gå til hovedinnhold

Godtek ikkje eit svekka flytilbod i Sør-Noreg

Geir Inge Lien
Skrevet av: Geir Inge Lien
Stortingsrepresentant
IMG_9297
Regjeringa sitt nye anbodgrunnlag for FOT-ruter i Sør-Noreg inneber ei betydeleg svekking av flytilbodet, særleg for dei minste flyplassane. Framlegget legg opp til redusert setekapasitet, fjerning av krav som sikrar moglegheita for dagsturar til Bergen og Oslo for nødvendige arbeidsreiser, samt ei prisauke på rundt 20 prosent samanlikna med nivået som vart lagt til grunn i førre anbod. Dette kan vi ikkje godta, seier Geir Inge Lien.

Lien peikar på at endringane vil få merkbare konsekvensar for innbyggjarar og næringsliv som er avhengige av kortbanenettet på Vestlandet og i Røros-regionen. Eit redusert rutetilbod og høgare prisar kan svekkje mobiliteten, gjere det vanskelegare å gjennomføre effektive jobbreiser og bidra til auka sentralisering.

For mange lokalsamfunn er flyrutene ein kritisk del av infrastrukturen. Dei sikrar tilgang til viktige tenester, marknader og samarbeidspartnarar. Når kapasitet og tilgjenge blir redusert, risikerer ein å svekkje både regional utvikling og verdiskaping.

No blir det etterlyst ei gjennomgang av anbodgrunnlaget, med mål om å halde oppe eit tilbod som tek vare på behova til distrikta. Eit velfungerande flytilbod er avgjerande for å sikre likeverdige levekår og konkurransevilkår på tvers av landet.

Krev at regjeringa snur

Senterpartiet krev at regjeringa sikrar eit stabilt og godt rutetilbod, og at anbodet blir innretta slik at det faktisk gir fleire avgangar og betre tilgjenge – ikkje færre.

– Staten kjøper desse rutene fordi marknaden åleine ikkje leverer. Då må målet vere å styrkje tilbodet og halde prisane nede – ikkje å spare seg til fant på kostnad av distrikta. Stadene som regjeringa no vil gi eit dårlegare tilbod, står òg for ei enorm verdiskaping for heile samfunnet vårt, seier Vedum.

Senterpartiet sitt alternativ: styrkje rutetilbodet og halde prisane nede

Geir Inge Lien viser til at Senterpartiet har vore tydelege på at flytilbodet og flyplassnettet er avgjerande for busetjing, næringsliv og beredskap, og at staten må ta ansvar gjennom offentleg rutekjøp.

– Senterpartiet vil styrkje rutetilbodet og redusere prisane på flyruter i distrikta, og halde fast ved ordninga med statlege rutekjøp. Regjeringa må slutte å skyve rekninga over på folk som bur utanfor dei store byane. Eit rimeleg flytilbod er avgjerande for å utvikle heile Noreg.