Meny
Konsentrert elev

Kutta i den vidaregåande skulen må opphøyre!

Det har over fleire år vore stramme budsjett i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. Dette toppa seg då fleirtalspartia Frp, Høgre, Venstre og Krf i desember 2023 vedtok eit budsjett som legg opp til eit flatt kutt tilsvarande rundt på mellom 33 og 90 millionar kroner i vidaregåande opplæring. Dette kjem i tillegg til at skulane må dekkje inn meirforbruket dei hadde i fjor. Møre og Romsdal Senterparti meiner at dei enorme kutta i vidaregåande skulen snarast må opphøyra. Fleirtalspartia har no fått refs frå kommunaldepartementet då budsjettet dei vedtok var ulovleg. På fylkestinget i april skal budsjettsaka opp på nytt. Det er ikkje for seint å snu!

Det er umogleg å kutte i verste fall 4,5 årsverk i gjennomsnitt på alle dei vidaregåande skulane i fylket utan at det går ut over elevane. Sidan januar har ein høyrt og lest historier om elevar som ikkje har fått vikar på fleire veker, lærarar som fryktar å miste jobben sin og rektorar som seier dei må spare inn på handsåpe og dopapir. Ikkje-lovpålagte tenester, som kantiner og bibliotek er også noko av det fyrste som ryk. Dette til trass for kor viktige møteplassar og arenaar dette er for elevar og tilsette. Slik skal det ikkje vere å vere elev eller tilsett i våre skular.


Møre og Romsdal er eitt av dei fylka som har dei beste tala på fullføring i vidaregåande skule. Desse gode tala kjem ikkje av seg sjølv, men er eit resultat av politisk vilje og målretta satsing. Det å rive ned eit god system slik fleirtalspartia i fylket no gjer er direkte uklokt og vil få store konsekvensar. Vi veit at skulen er den viktigaste felles arenaen for å hindre ungt utanforskap. I tillegg er dei vidaregåande skulane viktige hjørnesteinsarbeidsplassar i lokalsamfunna. Senterpartiet meiner at vi i staden for å ta vekk pengar frå vidaregåande opplæring må satse på elevar og lærarar i heile Møre og Romsdal.


Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal krev at:
• Kutta i den vidaregåande skulen i fylket må opphøyra snarast
• Meir pengar vert løyvd til elevtenesta for å styrke laget rundt eleven
• Ingen vidaregåande skular skal bli lagt ned som følgje av kutta i den vidaregåande skulen

 

-Møre og Romsdal Senterparti