Meny

Ledig stilling

Møre og Romsdal Senterungdom søker ungdomssekretær i 20-30% stilling. Ungdomssekretæren har ei viktig rolle i den daglege drifta av eit av Senterungdommen sine mest aktive fylkeslag.

Møre og Romsdal Senterungdom er eit fylkeslag i Senterungdommen, og har høg aktivitet gjennom året. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som kan vere tilsett for Møre og Romsdal Senterungdom i 20-30% stilling.

Arbeidsoppgåver bestemmast etter avtale, men typiske gjeremål for ein ungdomssekretær vil vere:

•    Førebuingar og etterarbeid i samband med fylkesstyret sine møte.

•    Organisering av fylkeslaget sine arrangement.

•    Organisering av reise til sentrale arrangement.

•    Utfylling og innsending av diverse søknadar og rapportar, herunder tilskot og momskompensasjon.

•    Oppdatering og innhaldproduksjon til sosiale media.

•    Rekneskap og budsjett, inkludert godkjenning av rekningar.

•    Oppfølging og bistand til lokallaga.

 

Vi ser etter deg som er initiativrik og sjølvstendig, samstundes som du trivst med å vere ein del av eit lag. Ungdomssekretæren skal framstå som påliteleg og imøtekommande i den daglege kontakta med våre medlemer. Erfaring frå tillitsverv eller anna organisasjonsarbeid er ein fordel.

 

Anna:

•    Søkaren må dele Senterungdommen sine grunnverdiar.

•    Kvelds- og helgearbeid, i tillegg til reiseverksemd må påreknast.

•    Førarkort kl. B på manuellgir er ein fordel, då fylkeslaget disponerer eigen bil.

•    Søkar bør ha kjennskap nynorsk.

 

Oppstart for stillinga er 1. januar. Ungdomssekretær tilsetjast i prosjektstilling på 6 månadar, med moglegheit for forlenging.

Heimekontor etter avtale.

Moglegheiter for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad.

Løn etter avtale.

 

Søknadsfrist: 10. desember

Søknad og CV sendast til: [email protected] Spørsmål kan rettast til: Fylkesleiar Dordi Boksasp Lerum – telefon: 95992700