Gå til hovedinnhold

Lied Per Ivar
Nominasjonsnemda i Møre og Romsdal Senterparti, leia av Jan Ove Tryggestad, er no ferdig med sitt arbeid med listestilling til fylkestingsvalet 2027.

Arbeidet starta tidlegare i vår med å samle inn forslag frå lokallaga, først i ei uprioritert rekkjefølgje som gav komiteen ein peikepinn på kva namn lokallaga drog fram som sine favorittar. I neste innspelsrunde måtte lokallaga leggje fram heilskaplege listeforslag i prioritert rekkjefølgje, og det er denne runden som har danna det viktigaste grunnlaget for det vidare arbeidet i nominasjonsnemnda. Utvalet av kandidatar skal i hovudsak vere basert på innkomne forslag frå lokallaga, men nemnda kan i tillegg lansere andre kandidatar.

Lied ein klar favoritt!

Innspela frå lokallaga viste ein klar favoritt i Per Ivar Lied til å vere Møre og Romsdal Senterparti sin førstekandidat til fylkestingsvalet.

 

Per Ivar (56) sit på fylkestinget og er medlem i fylkesutvalet, har vore vararepresentant på Stortinget i 12 år og har sete i formannskapet og kommunestyret i Ørsta i 8 år. Han er opphavleg frå Liabygda i Stranda kommune, men har budd i Ørsta den seinare tida. Her bur han saman med kone og tre born. Han er nestleiar i Møre og Romsdal Senterparti og nestleiar i Ørsta Sp.

Nye krefter i toppen

Nemnda vil i særleg grad leggje vekt på å presentere ein heilt fersk andrekandidat!

Ane Ingvild Støen Mittet (41), busett i Eidsvåg, er ein nykomar i flokken vår.

Ane Ingvild er mjølke- og kjøtfeprodusent saman med ektemannen sin. Ho har tidlegare vore organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag. Ho er utdanna historikar og statsvitar og har tidlegare arbeidd med forsking, hatt oppdrag for Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet og har fleire års røynsle frå offentleg forvalting på regionalt nivå. Ho er ivrig jeger og fjellentusiast. Når ho ikkje er på jobb, er ho som oftast å finne utandørs.

 

  • Eg kjenner det politiske systemet i Noreg og samspelet mellom politikk og forvalting godt. Det meiner eg er ein styrke, seier Mittet. Innanfor alle sektorar i samfunnet er det rom for effektivisering og forbetring. For å få til det må det rette strategiske planverket vere på plass, og ein må vere villig til å investere i utvikling, legg ho til.

Hjartesakene til Ane Ingvild er at vi skal ta heile fylket i bruk – at Møre og Romsdal og Noreg er meir enn berre byane – og å utvikle matfylket vårt med næringsliv og satsingar innan blå og grøn sektor. I tillegg brenn ho for kultur, idrett og friluftsliv.

  • Lukkast vi med å skape gode arenaer for kultur, idrett og friluftsliv, blir dei sosiale og økonomiske ringverknadene av kvar investerte krone enorme, seier Mittet.

Eit godt utbygd tilbod treffer alle på tvers av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering og identitet. Det er inkludering i praksis og ei god investering for framtida, understrekar ho.

 

Nominasjonsnemnda meiner at Ane Ingvild er ein så god representant for Senterpartiet at ho blir prioritert høgt på lista.

– Vi må tore å sleppe nye folk til, og her meiner vi i nominasjonsnemnda at vi er svært heldige som har fått denne dyktige dama med på laget, seier leiar Jan Ove Tryggestad.

  • Det er mange gode kandidatar i Møre og Romsdal Senterparti, så eg er veldig glad for tilliten nominasjonsnemnda viser ved å innstille meg som nummer to. Eg er klar for å bidra dersom nominasjonsmøtet er samd, avsluttar ho.

 

På tredjeplass finn vi Smøla-ordførar Svein Roksvåg (51), som òg har klatra seg heilt til topps som ein klar favoritt frå Nordmøre!

Han har alltid vore aktiv i lags- og organisasjonsarbeid, frå 4H til han blei politisk aktiv i 2015 og stilte som førstekandidat på lista til Smøla Senterparti. Han har vore ordførar sidan kommunevalet i 2019 og sit i dag òg i det nasjonale ordførarforumet for Møre og Romsdal.

Han har gått yrkesfag ved Smøla vidaregåande skole og skipsbyggjarlina ved Herøy vidaregåande skole. Etter militæret gjekk han sveiseteknisk fagskole før han tok eksamen som europeisk sveiseteknikar og internasjonal sveiseteknikar.

I arbeidslivet har han for det meste arbeidd med teknisk sal og opplæring for sveiseindustrien frå Sognefjorden til Nordland. I tillegg har han eit småbruk på Smøla der han driv med kjøtproduksjon.

Hjartesakene til Svein er distriktspolitikk, at det skal bu folk i heile Noreg, og gode samferdselsløysingar til lands og til havs.

Svein kjenner næringslivet, fiskeria, landbruket, den tyngre industrien og kraftproduksjonen godt.

 

På fjerdeplassen har nemnda innstilt Lisa Alvestad (40). Lisa sit i dag på fylkestinget, er medlem i samferdselsutvalet, er fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti og første vara til Stortinget.

Heime i Haram er ho kommunestyrerepresentant, gruppeleiar og no også ordførarkandidat til kommunevalet neste år! Til dagleg arbeider ho med bibliotekutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune, og har tidlegare arbeidd med lokalaviser i fleire år.

Hennar hjartesaker er gode samferdselsløysingar, levande lokalsamfunn og sterke tenester i heile fylket.

Lisa bur på heimgarden sin på Alvestad i Haram kommune. Ho har fem born og skal i haust overta gardsdrifta saman med mannen sin. Her satsar dei på vestlandsk fjordfe.

 

Heile listeforslaget:

1

Per Ivar Lied

Ørsta

2

Ane Ingvild Støen Mittet

Molde

3

Svein Roksvåg

Smøla

4

Lisa Alvestad

Haram

5

Sevrin Dahle Sæterøy

Rauma

6

Henrik Stensønes

Kristiansund

7

Therese Jemtegård Moen

Fjord

8

Dordi Boksasp Lerum

Tingvoll

9

Anne Kathrine Notøy

Herøy

10

Ingrid Waagen

Tingvoll

11

Odd Helge Gangstad

Molde

12

Sølvi Dimmen

Volda

13

Jan Peter Valde

Rauma

14

Karoline Stette

Ålesund

15

Paul Sindre Vedeld

Vanylven

16

Georg Lillevik

Sykkylven

17

Silje Beate Holten Gulbrandsen

Surnadal

18

Vebjørn Krogsæter

Haram

19

Torill Einara Nerbøvik

Aukra

20

Ingrid Kvisvik

Tingvoll

21

Hans Willy Flisnes

Ålesund

22

Rebecca Riise Bjerknes

Volda

23

Hans Marius Strømmegjerde

Sykkylven

24

Stine Wigum Hagen

Aure

25

Bjørn Erik Rånes

Averøy

26

Ivar Magne Nedal

Averøy

27

Tiril Marie Kuløy Næss

Smøla

28

Ann Kristin Sørvik

Averøy

29

Dina Gaupseth

Kristiansund

30

Ida Aarskog

Ørsta

31

Magnhild Vik

Rauma

32

Bengt Eriksson

Kristiansund

33

Kristina Furnes-Viera

Molde

34

Peder Aasprang

Tingvoll

35

Sigmund Roksvåg

Smøla

36

Berit Oline Folkestad

Volda

37

Petter Hjørungdal

Stranda

38

Kai Brudevoll

Rauma

39

Jørgen Inge Singsdal

Sunndal

40

Frode Dyrkorn

Ålesund

41

Gunnhild Kvam

Stranda

42

Kai Roger Sande

Rauma

43

Per Egil Mork

Rauma

44

Magne Bugge

Molde

45

Hugo Pedersen

Surnadal

46

Anders Øverås

Sunndal

47

Markus Farstad Andersen

Molde