Gå til hovedinnhold

Stortingsvallista er klar!

DSC04123 kopi

84 delegatar trossa ver og vind for å få gjennomført nominasjonsmøte!

I dag har Møre og Romsdal Senterparti arrangert nominasjonsmøte for stortingsvalet 2025. Møtet samla partimedlemmar frå heile fylket og markerte starten på valkampen for å styrke Senterpartiets posisjon i fylket og på Stortinget.

Kandidatar og prioriteringar
Etter ein grundig nominasjonsprosess, har Møre og Romsdal Senterparti no fastsatt si liste for stortingsvalet. Nominasjonskomiteen har lagt grundig vekt på kjønn, geografi og alder. Men aller mest er listeforslaget eit resultat av forslaga frå lokallaga våre. 

Eit samrøystes nominasjonsmøte valde sittande stortingsrepresentant Geir Inge Lien frå Vestnes som sin 1.kandidat. 

-Eit fantastisk nominasjonsmøte og nominasjonsnemda har gjort eit godt stykke arbeid. Dette blir eit bra lag som skal ut og kjempe for heile Møre og Romsdal. Vi skal bidra til å skape vekst, ta vare på og skape nye arbeidsplassar. Da er det viktig at vi bygg ein god og framtidsretta infrastruktur og gir næringslivet gode rammevilkår, seier Geir Inge Lien.

 

Lisa Alvestad frå Haram var innstilt på 2.plassen, også her var forsamlinga einig med innstillinga frå nemda. 

-Eg er klar for kamp og skal kjempe fram enda meir god politikk og løysingar for folka i fylket vårt i lag med det gode laget her. Måler er at fleire folk skal ønske å bu i fylket vårt. Vi skal aldri tilbake til sentraliseringskameratane og dyr ferje, dyr barnehage og dyr SFO. Ja, til levande distrikt, seier Lisa Alvestad. 

 

Ungdomskandidaten Dordi Boksasp Lerum frå Tingvoll fekk 3.plassen på stortingsvallista 

- Det er ei ære å gå stå på 3.plass på Stortingslista til Senterpartiet. Vi skal kvar dag jobbe for folk og næringsliv heile Møre og Romsdal. Medan FRP vil sentralisere, privatisere og redusere tenestetilbod i distrikta, vil vi det motsatte. Eg trur på det motsette: tenester nær folk, i by og bygd. I tillegg vil vi styrke bonden og norsk matproduksjon, noko som er viktig både for sjølvforsyninga, beredskapen og miljøet, seier Dordi Boksasp Lerum. 

 

Lista i si heilheit ser slik ut:

  1. Geir Inge Lien, Vestnes
  2. Lisa Alvestad, Haram
  3. Dordi Boksasp Lerum, Senterungdommen
  4. Henrik Stensønes, Kristiansund
  5. Paul Sindre Vedeld, Vanylven
  6. Ingrid Waagen, Tingvoll
  7. Odd Helge Gangstad, Molde
  8. Svein Roksvåg, Smøla
  9. Sølvi Dimmen, Volda
  10. Tove Henøen, Hustadvika
  11. Sevrin Dahle Sæterøy, Senterungdommen
  12. Tove Halse Digernes, Ørsta
  13. Lisa Mari Breivik Anderson, Ulstein
  14. Erling Emil Laugsand, Averøy


Senterpartiet i Møre og Romsdal ser fram til ein aktiv valgkamp fram mot stortingsvalet 2025.