Gå til hovedinnhold

Ta heile fylket i bruk - vi arbeider for berekraft langs alle dimensjonar

318614739_916030812719366_5651579888683262162_n

Det skulle vært pålagt for alle fylkespolitikere å besøke dei ulike delane i vårt langstrakte og vakre kultur -og næringsfylke. Vi set i dette budsjettet fortsatt fokus på å ta heile fylket i bruk og arbeider for berekraft langs alle dimensjonar.

Næringslivet vårt er som vi veit spreidd over heile fylket. Det viktigaste fylkeskommunen kan gjere for å ta heile fylket i bruk, er å sørge for at kommunar, næringsliv og institusjonar rundt om i fylket greier å oppretthalde og utvikle sin aktivitet. Mange har fått bistand fra fylkeskommunen gjennom rådgivning, veiledning samt økonomisk støtte til videreutvikling av sitt virke. Dette må vi fortsatt opprettholde og stimulere og fortsatt sørge for lav terskel for bistand. Det er fleire verkemiddel som kan benyttast og det er eit kontinuerlig behov for å gjere desse kjend. Det er positivt at det er etablert tettare kontakt med bl.a NHO, virkemiddelapparat og næringslivsrepresentantar gjennom Skaparkraftprogrammet.

Vidare ser vi gode tendensar til synergiar mellom næringsliv, kompetanseutvikling og forskning ved eit betre og tettare samarbeid mellom UH sektor, fagskule, vg skule og næringsliv samt virkemiddelapparatet. Vi må sørge for kompetanseutvikling i ulike deler av fylket som samsvarer med kva det offentlege og det private etterspør.

«Ein akilles» for mange næringer er mangel på kraft/energi tilgang og linjenett. Det blir lite næringsutvikling uten kraft. Og vi må tenkje grøn energi.  Mange etterspør dette og blir forhindret fra oppstart/utvikling. Difor foresler vi å styrke arbeidet fylkeskommunen gjer knytta til energi med at det bli utarbeidd ein plan for energieffektivisering og utbygging av grøn energi. Det vert sett av 1mill. til dette i 2023.

Vi har indre områder i M&R også. Med mykje viktig industri og næringsliv. Skog, jordbruk og solide selskap innafnor mange næringsfelt og industri. Det er fort at vi får «hangup» på kyst – og ikkje prioriterer og stimulerer dei indre områdene av fylket. Her må vi som fylkespolitikarar opptre balansert og framsnakke fleire næringar – vi treng alle!

Difor arbeider vi videre for å fordele midlar innan kultur og næring til heile fylket og bidra til attraktive lokalsamfunn samt klimavennleg by- og stadutvikling.

Vidare set vi bl.a. av midlar til å forlengje og styrke prosjektet «Senter for berekraftig arealforvaltning» som ein viktig kunnskapsbærar for riktig arealbruk.

Petroleumsnæringa – havvind, servicenæring, oppdrett, mineralutvinning subsea osv er også sentrale næringar vi har naturgitte forutsetningar for å utvikle vidare. Reiseliv er også ei særs viktig næring for M&R og vi vil ha ein vidare tett dialog for å imøtekomme næringas behov for stimulans. Likeså er det spennende med M&R som filmskaperarena.

Dei mange bo -og arbeidsfelleskapane i fylket har noko ulik næringssamansetning. Difor har vi bl.a. i  økonomiplanen foreslått å oppretthalde strukturen på vidaregåande skular – med god dialog med kommunar og næringslivet knytt til deira lokale kompetansebehov.

Oppsummert nokon relevante endringsforslag (i forhold til fylkeskommunedirektøren sitt forslag).

  • Skjerme kultursektoren for kutt – vi brukar minst pengar på kultur av alle fylker i Norge
  • Tilskot til Sundbåten i Kristiansund gjer det mogleg å halde fram med gratis transport som har vært en suksessfaktor for å få ned biltrafikk samt som folkehelsetiltak for å få folk til å ta beina fatt/bruke kollektivt. 
  • Auka satsing på trafikksikringstiltak, sette av 5 mill/år –f.eks tryggheit på skulevei.
  • Oppretthalde tannklinikken på Eide

 

Henrik Stensønes, fylkestingsrepresentant

Konst. leiar for kultur, næring og folkehelse i fylkestinget

3.kandidat til fylkestingsvalet

Ordførarkandidat i Kristiansund