Uttak av vindfall/skog etter Amy
Stormen Amy 3- 4. oktober førte til mykje stormfelt skog i Møre og Romsdal som er hardast ramma av dette i landet. Førebelse tal viser at det er blåst ned om lag 250 000 kubikk med tømmer i fylket. Dette gjeld spesielt kommunane Tingvoll, Rauma, Molde, Gjemnes,Vestnes, Surnadal og Sunndal. I tillegg kjem store volum i Sør Trøndelag.
Alle treslag er ramma. Det er meldt om furutre på over 200 år som ikkje har tolt denne vinden. Grana utgjer likevel det meste av volumet. Opprydding av så mykje stormfelt skog vil krevje ein ekstraordinær innsats på kort tid. Det er store behov for ekstra midlar til nye skogsvegar, lunneplasser og taubanedrift. Hogst av vindfelt skog er meir arbeidskrevjande enn hogst av normal skog, og kan vere ein fare for liv og helse. Delar av skogen ligg i ulendt og bratt terreng utan vegar i nærleiken. Ein god del av furua som er blåst ned står langt unna veg. Alt dette gir høgare driftskostnader og stort behov for tilskot.
Vindfallet må takast ut i 2026 for full verdi av tømmeret til bruk i skurklasse. Derfor må midlane kome no, så ein kan starte rask planlegging av nye skogsvegar saman med skognæringa, kommunane og grunneigarar. Det er også meldt om parti av vindfelt furu innanfor landskapsvernområda (Trollheimen, Sunndalsfjella). Mengda gjer det aktuelt å ta ut også denne ressursen.
Får har skogforsikring i Møre og Romsdal. I 2025 er 8,3 millionar tildelt skogsbilveg og driftstilskot i Møre og Romsdal. Dette er i utgangspunktet langt lavare enn behovet og det næringa treng. Kostnadene har også her skote i veret siste åra. Møre og Romsdal fylkeskommune ber derfor om nye friske midlar kr 50 mill for tiltak til skogopprydding etter ekstremveret Amy i Møre og Romsdal. Aktuelle tiltak for uttak av vindfallet er:
• Ekstraordinær driftstilskot for uttak av furu i vindfallområda
• Auka tilskotssats frå 50 til 75% for bygging av skogsbilvegar
• støtte til rentefrie lån (skogeigar får ikkje inntekt før etter sal/oppgjer)
• ekstra tilskot til skogsdrift og til taubane for uttak av vindfall i bratt terreng