Meny
2020 Oppdrettsanlegg for laks, Sogn og Fjordane

Viktige gjennomslag for havbruksnæringa i Møre og Romsdal

Regjeringa har i dag lagt fram eit lovforslag om grunnrenteskatt på havbruk. Forslaget sikrar at vertskommunane og fylkeskommunane kjem betre ut, og verdiane som vert skapt sikrar lokalsamfunna langs kysten og næringslivet i Møre og Romsdal utviklingskraft i tida framover.

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien seier at det store ordførarkorpset som Senterpartiet har langs kysten har vore avgjerande for å få ei betre innretning på grunnrenteskatt på havbruk. – Det viser at det er kort veg frå grasrota til toppen, og våre tillitsvalde har løfta bekymringane frå sitt lokale næringsliv og sikra at botnfrådraget blir høgare og at meir blir igjen i lokalsamfunna.

Møre og Romsdal Senterparti meiner at det no er viktig å skape ein stabilitet for havbruksnæringa, og at det er eit ansvar som både posisjon og opposisjon har å sørge for eit breitt forlik i Stortinget. – Vi har oppfordra våre i regjering om å søkje eit breiast mogleg fleirtal, slik at vi får til ei varig satsing på lokalsamfunna langs kysten, og forslaget er heilt i tråd med det som Møre og Romsdal fylkeskommune sa i sitt høyringsinnspel seier Marit Nerås Krogsæter, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti og leiar i næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

For til dømes Smøla, Molde og Volda er det avgjerande at vertskommunane skal sitte igjen med meir inntekter. Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune, meiner at kommunane som legg til rette for havbruksnæringa ved å stille naturressursar til disposisjon no har kome betre ut av det nye forslaget. – At kommunesektoren skal få halvparten av inntektene gjer at kommunane får moglegheit til å utvikle seg enno meir i framtida, og aktivt legge til rette for næringslivet.

I dag er vi særdeles glad, seier Svein Roksvåg, ordførar i Smøla. - Det er spesielt positivt med reduksjon i formueskatten til selskapa og at botnfrådraget er blitt betydeleg høgare, for det vil gjere at vi framleis har investeringsvilje og at ein sørger for at ein framleis har dei små- og mellomstore havbruksbedriftene i framtida.

Odd Helge Gangstad, varaordførar i Molde, har saman med Roksvåg vore ein del av ei arbeidsgruppe som har vore tydelege i innspela til regjeringa. - Naturressursskatten er fjerna  etter innspel frå oss til fordel for auka produksjonsavgift som går direkte til kommunar og fylkeskommunar langs kysten .Det nye framlegget er eit mykje betre fundament som ein kan arbeide frå, både politisk for å sikre eit breitt forlik og inn mot næringa, seier Gangstad.

Per Ivar Lied, fylkesordførarkandidat for Senterpartiet, viser til at auka frå 12.5 til 20 % i fylkesandelen i Havbruksfondet gjer at fylkeskommunen kan bli betre skodd for å utvikle fylket i framtida. – Det er også svært viktig at ein går bort frå normprisen, og at det er det faktiske overskotet som blir lagt til grunn, seier Lied.

Forslaget til lovendringa blir i dag 28.mars lagt fram i statsråd, og det vil bli forhandlingar i Stortinget om forslaget. Oppmodinga frå Møre og Romsdal Senterparti er klar: No må opposisjon og posisjon samarbeide for å skape ei stabil utvikling for havbruksnæringa og ei viktig satsing på lokalsamfunn som legg til rette for denne viktige framtidsnæringa.