Meny
Debattpanel konferanse Valldal 06.06.2023

"Det handlar om Norge"

Laurdag 6. juni var det duka for folkemøte og konferanse på Martin Linge-huset i Valldal. Spørsmålet konferansen ville svare ut, var korleis ein kan snu ei negativ folketalsutvikling? Korleis kan bygdene stimulere unge familiar til å flytte heim att? «Småbruk» var eit viktig stikkord for dette beredskaps-politiske toppmøtet. 

Tittelen på konferansen var henta frå «Demografikommisjonen» sin rapport, som viser utviklingstrendar i Bygde-Norge. Rapporten fortel om ei utvikling som slett ikkje er lys.

Professor Victor Normann var leiar av "Demografikommisjonen". Han skulle delta som innleiar på konferansen, men vart dessverre forhindra. I staden kom Per Gunnar Stensvåg, senterpartipolitikar og forfattar av boka "Kaosreformene". Han er kritisk til utviklinga vi ser med sentralisering, men er ein evig optimist som har trua på bygde-Noreg. Dersom vi tek godt vare på dei som bur ytst i utkantane, så vil det gå bra med resten også.

Generalløytnant og tidlegare hærsjef, Robert Mood, var eit anna kjent fjes som deltok på konferansen. Han ropa eit alvorleg varsko mot den dramatiske utviklinga som er skildra i rapporten. Mood meiner at forsvar og beredskap startar i åkeren til bonden. Levande bygder med folk, bosetting og landbruk i alle deler av landet, er like viktig som våpen i ein krigssituasjon, hevdar den profilerte generalen.

Professor Reidar Almås, ved senter for bygdeforsking/RURALIS, meinte at han hadde svaret. Stikkordet hans var «småbruk». Han viste til at ordet «småbruk» lenge har toppa finn.no si liste over dei mest søkte eigedomane. I ei rykande fersk bok stiller han det retoriske, og for mange provoserande spørsmålet om ikkje landbruket og bygdene bør produsere småbruk, når det er småbruk folk vil ha? På konferansen presenterte Almås logikken bak desse spenstige tankane.

Etter foredraga vart det debatt med politisk redaktør i avisa Nationen Anne Ekornholmen som ordstyrar. I panelet sat konsernsjef Erik Espeseth i Tafjord Kraft AS, leiar i Norges Bonde og Småbrukarlag Tor Jakob Solberg, leiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug, grundar og bygdekvinnelagsmedlem Merete Myklebust, fylkesordførarkandidatane Per Ivar Lied (Sp), Anders Rise (H), Marit Aklestad (SV), Geir Stenseth (Frp) og fylkesordførar Line Hatmosø Hoem (Ap). Publikum i salen fekk og sleppe til.

Storfjordnytt og Bygdebladet var på plass og dekte konferansen, og artiklane kan de lese her:

https://www.storfjordnytt.no/2023/samfunn/mykje-folk-gode-innleiarar-og-gode-diskusjonar-om-eit-alvorleg-tema/

https://bygdebladet.com/samfunn/lag-smabruk-for-a-fa-tilflytting-til-bygdene/19.6309