Fjord Senterparti vil i perioden 2023-2027 arbeide for å få kontroll på kommuneøkonomien, slik at vi kan bruke dei ressursane vi har på ein god måte som gjev gode tenester til innbyggjarane og skaper utvikling i heile Fjord kommune. Vi vil påverke oppover i systemet, slik at vi får naudsynte ressursar frå sentralt hald.
Sikre og auke heilårsbusetting
Vi vil:
- stramme inn handheving av bu- og driveplikt på landbrukseigedomar
- greie ut nedsett konsesjonsgrense (nullgrense) for å sikre at flest mogleg eigedomar vert brukt til heilårsbustad
- dele frå bustadhus og småbruk der det ligg rette for det, slik at vi både sikrar busetting og levedyktige gardsbruk
- at kommunen skal ha attraktive, byggjeklare tomter i alle bygder
- at kommunen skal disponere hus og leilegheiter til utleige i alle bygdene for dei som vil prøvebu
Prioritere mental helse, inkludering og mangfald
Fjord Sp vil gjere mental helse til eit satsingsområde. Det handlar mykje om å bygge eit inkluderande og støttande miljø, og vise at Fjord kommune har plass til ALLE. «Kom som du er», er vårt motto.
Vi vil:
- vise at vi er eit samfunn som gir rom for at enkeltindivid kan uttrykke kjenslene sine utan å føle skam, føle seg som ei feilvare eller bli mobba, trakassert, diskriminert eller oppleve annan hatkriminalitet. Vi vil ta initiativ til å arrangere første «Fjord-pride» i Fjord kommune
- få på plass innflyttar-fadderordning og «speed-friending»-arrangement
- halde fram som MOT-kommune
- prioritere ressursar til tiltak og arrangement som samlar folk på tvers av bygdene
- arbeide for eit godt og aktivt bomiljø for alle, også for institusjonsbuarar
Sikre gode kommunale tenester
Vi vil:
- ha god legedekning i heile kommunen
- ha omsorgsbustader og sjukeplassar til dei som har behov
- halde fram med ordninga med utdanningsstipend mot bindingstid
- samarbeide med lokale private aktørar innan helse for å betre tilbodet på rehabilitering
- samarbeide med godkjende Inn på tunet-gardar om tilrettelagde velferdstenester på gardsbruk
- styrke kapasiteten ved teknisk, plan og byggesaksbehandling
- oppretthalde ein desentralisert skulestruktur
- ha nok barnehage- og SFO-plassar, og gjeninnføre søskenmoderasjon i barnehage
- legge til rette for sunn lunsj i skulane og barnehagane
Betre infrastruktur og samferdsel
Vi vil:
- prioritere vedlikehald av kommunale vegar og bruer
- arbeide for fylkeskommunal prioritering av gåande og syklande
Sikre klima, natur og miljø
Vi vil:
- legge til rette for aktivt beitebruk for å ta vare på kulturlandskapet, hindre attgroing og sikre naturmangfaldet
- hindre nedbygging av areal som kan brukast til matproduksjon
- arbeide for flaumsikring av elvar og bekkar
- legge til rette, styre og kanalisere ferdsel
- skape auka forståing for og kunnskap om naturverdiane våre
Sikre arbeidsplassar, kompetanse- og næringsutvikling
Vi vil:
- arbeide for ein reinare fjord, og legge til rette for ei berekraftig etablering av landbasert oppdrettsanlegg i Rødbergvika
- behalde tiltaksapparatet for næringsutvikling
- legge til rette for lærlingar
- satse på og legge til rette for landbruk
- flytte utmarksområde frå rovdyrprioritert til beiteprioritert sone
- vidareføre Fjord sin status som nasjonalparkkommune (NPKL), kraftkommune (LVK) og utmarkskommune (USS)
- utvikle pilegrimsleia Valldalsleden og verdiskaping knytt til Olavstradisjonen i heile kommunen fram mot nasjonaljubileeumsmarkering i 2029.
Bidra til eit aktivt kultur- og fritidstilbod
Vi vil:
- styrke kulturskulen
- vidareføre kommunal støtte til frivillige lag og organisasjonar
- halde fram med sommarskule-tilbodet
- støtte frivilligsentralane
- arbeide for å sikre kulturarven og verneverdige bygningsmiljø i kommunen
Fjord Senterparti vil på lang sikt arbeide for:
- tettstadutvikling i alle bygdesentra
- samarbeid med andre kommunar for å få utbetra viktige punkt på fv 650 mellom Stordal og Ørskog
- rassikring i Norddalsstranda og på Tafjordvegen
- utbetring av flaskehalsane på dei fylkeskommunale vegane i kommunen
- heilårsveg austover via Geiranger og bru over Norddalsfjorden
- å få lyntog på strekninga Ålesund-Oslo
- å forsterke støtteordningane til husdyrbasert landbruk