Møre og Romsdal Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile fylket vårt. Sosiale, kulturelle og økonomiske tiltak må henge saman for å skape gode vilkår for alle, uansett bustad eller yrke. Senterpartiet meiner gode lokalsamfunn blir til gjennom eit levande folkestyre som gjev folk tryggleik og identitet. Vi vil at alle skal oppleve kjensla av å høyre til.
| Kompetanse og utdanning | Veg, ferje og kollektiv | Kultur og folkehelse | Næringsliv og regional utvikling | Tryggleik og beredskap | Natur, klima og miljø | Likestilling og inkludering |
Møre og Romsdal Senterparti vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk i fylket der målet er å tilby gode tenester til innbyggjarane, samstundes som vi sørgjer for å tilpasse tenestene etter den demografiske utviklinga. Dei politiske prioriteringane som er lagde fram i dette valprogrammet, handlar i hovudsak om saker som fylkeskommunen har ansvaret for, men Møre og Romsdal Senterparti vil arbeide kontinuerleg med å påverke dei eksterne rammefaktorane, til dømes inntektssystemet for fylkeskommunane, i tillegg til saker som er viktige for regionen, som lokalisering av statlege arbeidsplassar, helseføretaksmodellen og nasjonale vegprosjekt som gjer transporten sikrare og raskare for næringsliv og innbyggjarar.
Møre og Romsdal Senterparti vil i valperioden jobbe for å halde oppe driftsnivået på tenester og oppgåver som direkte påverkar innbyggjarane, til dømes vidaregåande opplæring og tannhelse, mellom anna ved å redusere kostnadar til administrasjon, politikk, prosjekt og konsulentverksemd. I tillegg vil vi prioritere rimelegare og innovative løysingar på investeringar og drift, gjerne gjennom samarbeid med andre offentlege aktørar og private initiativ.
i Romsdalen i Møre og Romsdal brannvesen
Ferdigheiter framfor karakterpress
Utdanning og kompetansebygging i heile fylket skal vere eit satsingsområde i neste periode. Vidaregåande skular, Fagskulen, høgskular, universitetsavdelingar og forskingsinstitusjonar er mellom dei viktigaste bidraga det offentlege har til å vere regional utviklingsaktør.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- halde fram arbeidet med å gjere heile skuleløpet meir praktisk, fleksibelt og relevant for arbeidslivet
- oppretthalde og vidareutvikle dei vidaregåande skulane vi har i fylket, og finne god balanse mellom ynskja til elevane og behova til næringslivet i fagtilboda
- styrkje arbeidet for psykisk helse, inkludering og livsmeistring i vidaregåande opplæring
- at elevar som har behov for det, skal få tettare oppfølging av elevtenesta (pedagogar, helsesjukepleiar, rådgjevar og miljøarbeidar/miljøterapeut)
- ha betre samordning for gode overgangar, spesielt frå ungdomsskule til vidaregåande skule
- tilpasse opplæringa til dei behova elevane har, og sikre og vidareutvikle tilbakeføringstiltak for elevar som har droppa ut av vidaregåande opplæring
- fornye utstyrsparken ved skulane, spesielt på yrkesfaglege studieretningar, ved mellom anna å samarbeide med lokalt næringsliv
- ha betre utstyrs- og bortebuarstipend for elevar i vidaregåande skule
- prøve ut bruk av ny teknologi, fjernundervising og liknande for å tilby elevar størst mogleg breidde i val av fag
- bidra til fleire læreplassar gjennom god oppfølging, betra tilskot og krav om læreplassar ved store offentlege innkjøp av tenester
- at elevar som ikkje får tilbod om læreplass, skal få tilbod om eit 2-årig løp i tett samarbeid med ei bedrift
- at elevar på yrkesfag skal kunne søkje om opptak etter ferdigheiter og ikkje berre karakterar
- sikre at det pedagogiske personalet får kompetanseheving ved hjelp av etter- og vidareutdanning
- gje kvalifisert rettleiing til nyutdanna lærarar dei to fyrste arbeidsåra for å minske praksissjokket etter utdanning
- at fylkeskommunen får ansvar for å gjennomføre opplæring for alle unge i aldersgruppa 16–24 år, uavhengig av elevstatus eller manglande føresetnadar. Dette vil også styrkje dei vidaregåande skulane som utviklingsaktørar i lokalsamfunna og bidra til vekst i folketal og kvalifisert arbeidskraft for næringslivet
- gjere det mogleg å imøtekome vaksne sin rett til vidaregåande opplæring i opptaksgrunnlaget til vidaregåande opplæring, for å oppretthalde skuletilbod i heile fylket
- opne for vidaregåande opplæring for innvandrarar over 25 år ved fleire skular
- opprette fleksible småskalatilbod ved dei mindre vidaregåande skulane i samarbeid med lokalt næringsliv
- at skulebøker og digitalt skulemateriell skal finnast på både bokmål og nynorsk samtidig
- at fråværsreglementet i vidaregåande blir praktisert på ein fleksibel måte
- leggje til rette for innovasjon og entreprenørskap i heile den vidaregåande opplæringa
- at fylkeskommunen skal ha fleire tilbod om internasjonal utveksling på vidaregåande nivå
- etablere fleire e-sporttilbod ved dei vidaregåande skulane i fylket
- prioritere investeringsmidlar til
- fornying av utstyr, gjerne i samarbeid med næringslivet
- å fullføre bygginga av Spjelkavik Arena
- å byggje ny vidaregåande skule i Ørsta
- å fullføre nytt bygg for naturbruk / marine fag ved Hustadvika vidaregåande skole
- å byggje nytt fjøs og oppruste internatbygget ved Gjermundnes vidaregåande skule
- å flytte fagskuleavdelinga i Kristiansund til Campus Kristiansund
- å følgje opp utviklingsplan for Stranda vidaregåande skule og Tingvoll vidaregåande skule
- planleggingsmidlar for renovering og nybygg der behovet er størst, til dømes Hustadvika, Borgund, Tingvoll, Herøy og Kristiansund vidaregåande skule
- lokale for tilpassa opplæring (TPO-base) ved til dømes Ulstein vidaregåande skule
- nye undervisingsfartøy
- universell utforming
- utvikle campus-konseptet som felles arena for vidaregåande opplæring, høgskule- og universitetstilbod, forskingsmiljø og næringsliv fleire stader i fylket der det ligg til rette for det, til dømes Campus Kristiansund og Volda
- styrkje Fagskulen i Møre og Romsdal ved å
- arbeide for auka finansiering
- opprette nye studieplassar og tilbod i tett dialog med næringslivet
- følgje opp vedteken strategiplan
- opprette nye og fleksible studietilbod på nett og samlingar
Trygt fram i heile fylket
Vegar og ferjer knyter samfunna våre, menneska og næringslivet saman. Senterpartiet vil i valperioden prioritere vedlikehald, gang- og sykkelvegar, trygge skulevegar, rassikring og andre trafikktryggingstiltak, kollektivtilbod og eit godt ferje- og hurtigbåttilbod.
i fylket
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- arbeide for ei betre finansiering og organisering for å byggje nye fylkesvegar, til dømes 40 års bompengeperiode for ferjeavløysingsprosjekt og at eigne vegselskap kan få same rammevilkår som fylket for å byggje veg
- prioritere bygging av nye gang- og sykkelvegar ved mellom anna å utvide ordninga med spleiselag og forskottering frå kommunane
- arbeide for å få større og langsiktige overføringar frå staten for å auke vedlikehald og utbygging av fylkesvegane og betre finansieringa av ferje- og hurtigbåtdrifta
- sørgje for at ferjeanboda ved overgang til ferjer med fornybare energikjelder set kvalitetskrav med tilstrekkeleg bemanning for å sikre tryggleiken om bord
- følgje fylkestinget si prioriteringsliste for vegbyggingsprosjekt og rassikringstiltak, der Todalsfjord-prosjektet står på 1. plass. Sjølvfinansierande prosjekt eller prosjekt finansierte utanom dei ordinære rammene kan få klarsignal utanom prioriteringslista
- prioritere kapasitet til planarbeid, slik at prosjekt er klare til oppstart når det ligg føre midlar
- vere pådrivar for utbetring og betre trafikkflyt på E136 i Romsdalen
- gjere vegane tryggare ved mellom anna å arbeide for meir midlar til rassikring
- halde fram arbeidet for ferjesamband mellom Aure og Hitra
- etablere samarbeid mellom helseføretaka og fylkeskommunen og drosjenæringa for å sikre kollektivtilbod og beredskap
- få ned ventetida på skuletransporten
- etablere fleire knutepunkt med ladestasjonar for el, biogass og hydrogen for bilar, bussar og båtar
- arbeide for å få Raumabanen over på elektrisitet eller hydrogen og bidra til å sikre gods- og persontransport på banen
- bruke handlingsrommet i offentlege innkjøp til å utvikle ny, smart teknologi, også innanfor samferdsel
- innføre nytt billetteringssystem og nye takstar som gjer det enklare og billegare å bruke kollektivtransport, særleg for ungdom og eldre
- arbeide for eit best mogleg flytilbod på dei fire lufthamnene i fylket
- arbeide for at Nordøyvegen og fleire vegar i fylket skal få status som nasjonal turistveg
- utvide og vidareutvikle Fram Flex (bestillingstransport), slik at ordninga blir meir tilgjengeleg for fleire
- setje kollektivsatsinga tettare i samanheng med kveldsøkonomien, og syte for gode korrespondansar mellom bygd og by, også på kveldstid
- sørgje for at kollektivtilbodet oppfyller krav til universell utforming
- prioritere mjuke trafikantar, universell utforming og kollektivtransport i tidleg planfase i alle samferdselsprosjekt
- gjere det meir attraktivt å gå og sykle til skule og jobb gjennom å byggje, utbetre og drifte infrastruktur for gåande og syklande
- prioritere busslomme, busskur og gatelys på alle fylkesvegar som er skuleveg
- arbeide for å realisere ferjeavløysingsprosjekt der dette kan gjennomførast som sjølvfinansierande for fylkeskommunen, og der klima- og miljørekneskap viser at det er meir miljøvenleg enn ferjedrift
Eit samfunn å trivast i
Senterpartiet meiner det er viktig å sjå alle samfunnsområde i samanheng i folkehelsearbeidet. Både arealplanlegging, transport og kommunikasjon, arbeidsliv og fritidstilbod er viktige for å sikre bu- og blilyst. Fysisk aktivitet og psykisk helse gjennom kulturelt påfyll og samvær med andre er viktig i alle delar av livsløpet.
Eit levande kulturliv er viktig for å knyte oss saman og skape tilhøyrsle og gjev oss høve til å utvikle oss som menneske og samfunnsdeltakarar. Senterpartiet vil styrkje og utvikle kulturtilbod der folk bur og vere med og syte for gode vilkår for både dei profesjonelle utøvande og det frivillige kulturlivet.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- lage gode møteplassar i offentlege rom som stimulerer til fysisk aktivitet for alle og er viktige supplement til organisert aktivitet
- arbeide for nærleik og kvalitet i helsetenestene og avvikle helseføretaksmodellen
- styrkje tannhelsetenesta i fylket ved å rekruttere fleire tannlegar og oppretthalde alle tannklinikkane
- bruke kulturnæringane aktivt for å skape gode bu- og arbeidsregionar
- støtte tiltak og prosessar for å styrkje arbeidet frivillig sektor gjer for å rekruttere, utvikle og å behalde dei frivillige
- prioritere rehabilitering og eit større mangfald av anlegg og arenaer som bidreg til variert organisert og eigenorganisert kvardagsaktivitet i kultur og idrett
- sikre ei balansert fordeling mellom store anlegg og nærmiljøanlegg i tildelinga av spelemidlar
- arbeide for å løfte dei ikkje-organiserte aktivitetane og e-sport
- vidareutvikle alle lokalbiblioteka i fylket ved å støtte dei i arbeidet med å lage gode og trygge møteplassar og å vere kultur- og kunnskapsformidlarar og demokratiarenaer
- støtte kultur, kunst og kunnskapsformidling utanfor dei faste museums- og biblioteklokala, slik at innbyggjarane i alle delar av fylket kan få kulturopplevingar nær heimstaden sin
- arbeide for å sikre auka rammeløyvingar frå regionalt og nasjonalt nivå til dei profesjonelle vitskaplege regionmusea i Møre og Romsdal
- sikre føreseieleg finansiering av kunstmusea i fylket, også med midlar frå nasjonalt nivå
- styrkje den fylkeskommunale kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal med fleire fylkeskommunale museale produksjonar årleg
- prioritere tiltak og ordningar som styrkjer kunstnarøkonomien og forenklar etablering og utvikling av kunstnarskap
- arbeide for å auke og styrkje tilboda om utdanning og opplæring innanfor kulturelle og kreative fag på alle nivå
- bidra til gode vilkår for det profesjonelle kulturlivet, både ved å stø kulturinstitusjonane og ved å syte for gode støtteordningar i det frie feltet
- styrkje Møremusikarordninga og gjere det enklare å leige inn profesjonelle musikarar til aktivitetar og arrangement
- bidra til gode bruksordningar som inkluderer, til dømes kulturrabatt for ungdom
- stø tiltak som formidlar den immateriell kulturarven, som folkesong og -dans og matkultur
- løfte markante lokale handverkstradisjonar i fylkeskommunale og nasjonale prioriteringar
- ferdigstille språkbruksplan og skulemålsplan for fylket
- gjere det enklare for nynorskelevane å halde på hovudmålet sitt i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring
- påverke lærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga til å undervise meir i nynorsk og gjere studentane til trygge og inspirerande språkbrukarar
- arbeide for å få nasjonale kultur- og idrettsarrangement til Møre og Romsdal
- syte for at lokalsamfunna får vere med og bidra til god balanse mellom vern og bruk ved vern av kulturhistoriske landskap, og stimulere til nytenking i næringsutvikling som også tek vare på kvalitetane ein treng å verne om
- stimulere til god tilrettelegging for auka turiststraum ved nasjonale turistvegar
- syte for at staten tek størstedelen av kostnaden ved arkeologiske utgravingar
- vidareføre dei gode ordningane for å ta vare på verna bygg
Ein sterk og kompetent region
Det varierte næringslivet i Møre og Romsdal er med på å styrkje regionen i kampen om arbeidsplassar og utvikling. For å skape levande lokalsamfunn treng ein arbeidsplassar og eit næringsliv som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. For å få til dette må ein samarbeide meir mellom utdanning og næring, mellom regionane og på tvers av næringar.
frå fylkeskommunen
- leggje til rette for ny berekraftig næringsutvikling i fylket
- auke matproduksjonen over heile fylket med intensjon om auka nasjonal sjølvforsyning basert på norske ressursar
- vidareutvikle og styrkje næringsmiddelindustrien i Møre og Romsdal, og leggje til rette for at vi har tilgang på norske råvarer
- styrkje kunnskapen om fiskerinæringa og auke merksemda på sjømat som eksportvare
- redusere all unødvendig kasting av mat ved å arbeide for å fjerne unødvendige standardiseringsordningar og å utnytte matressursane betre
- vidareutvikle lokalmatprogrammet for å tilby kortreist mat og spesialitetar med lokal identitet og bruke matnæringane i større grad i opplæringsarbeidet i skulen
- fremje lokal vidareforedling av råvarene frå jord, skog, havbruk og fiske og sikre ressursvern og arealvern
- arbeide for at det skal etablerast beredskapslager med korn gjennom styrkt gardslagring og regional silokapasitet
- vere med på å sikre nok kraftforsyning og godt linjenett og god breibanddekning til alle i heile fylket
- greie ut bruk av fisjonsenergi og leggje betre til rette for fornying og oppgradering av dagens energibruk
- satse meir på rekruttering, likestilling og kompetanse, og på innovasjon og forsking i all næringsverksemd
- oppretthalde og auke dei kommunale næringsfonda frå fylkeskommunen
- bruke dei verkemidla fylkeskommunen har, for å sikre leverandørindustrien gode rammevilkår
- styrkje kapitaltilgang og verkemiddel gjennom Innovasjon Noreg og gjennom å etablere fondsordningar. Prioritere investeringsverkemiddel i landbruket, slik at vi opprettheld sysselsetjing og produksjon
- leggje til rette for at arbeidsinnvandrarar frå EØS-området blir raskt integrerte i lokalsamfunna
- gje små og mellomstore bedrifter betre vilkår og enklare rapportering for å bidra til nye arbeidsplassar i små og store lokalsamfunn
- arbeide for å styrkje rammevilkåra for den maritime næringa gjennom forsking, rekruttering og internasjonalisering
- arbeide for framleis å ha stabilitet i kvotane mellom dei ulike fangstgruppene i fiskeflåten
- arbeide for like nasjonale rammevilkår for fiskerinærin ga langs heile kysten
- arbeide for at industrien i Møre og Romsdal i større grad kan ta del i konkurransen om å byggje kystvakt- og militærskip
- at petroleumsnæringa i Møre og Romsdal skal vere verdsleiande på miljøteknologi
- styrkje og utvikle fagmiljøa rundt dei små og mellomstore bedriftene gjennom auka satsing på praktisk forsking
- støtte opp om næringsutvikling og klyngjesamarbeid mellom kunst-, kultur- og reiselivsaktørar og utvikling av nye kulturbaserte grøne reiselivsprodukt
God lokalkunnskap gjer oss trygge
God beredskap er lokalt forankra. Politi, brannvesen, helsetenester, forsvar, redningstenester, heimevernet og frivillige er viktige for den totale tryggleiken. Desentralisert organisering sikrar god lokalkunnskap og kort responstid over heile fylket.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- arbeide for å oppretthalde og styrkje det lokale brannvesenet i heile fylket
- arbeide for flest mogleg tenestestader i Møre og Romsdal politidistrikt, som eit viktig bidrag i kriminalitetsførebyggjande arbeid og beredskap. Desentraliserte strukturar må få oppgåver og funksjonar som gjer politiyrket attraktivt
- at Kristiansund skal ha politiansvar for sokkelen utanfor Midt-Norge, og at den breie kompetansen som er bygd opp, skal vidareutviklast
- oppretthalde to fengsel i fylket, støtte bygging av nytt fengsel på Digernesskiftet og vidareutvikle Hustad fengsel
- sikre alle i heile fylket eit godt og likeverdig ambulansetilbod
- arbeide for auka løyvingar til skred- og flaumsikring
- arbeide for å styrkje Heimevernet (HV-11), og for å styrkje objektforsvar og for mindre publisering av sensitiv informasjon om objekt, havinstallasjonar, farleier, kraftlinjer og kraftverk
- arbeide for eit sterkt sivilforsvar med nok utstyr og depot på fleire stadar i fylket
- oppretthalde og støtte viktige frivillige bidrag til sivil beredskap, som Alpin redningsgruppe, hunderedningsgrupper, skredgrupper, elveredningsgruppa og andre
- arbeide for matvareberedskap og eit aktivt landbruk i heile fylket
- styrkje den førebyggjande innsatsen for å stoppe og handtere digitale angrep på kritisk infrastruktur i fylket
- ruste opp tilfluktsrom slik at dei ved behov gir reelt vern for folk lokalt
- bidra til nasjonalt eigarskap av bedrifter som er strategisk viktige for beredskap og helse
- arbeide for nødvendig politihelikopterdekning i Møre og Romsdal / Vestlandet
til nye fylkesvegar i helsetenestene av lik verdi
Berekraftig forvaltning av naturen
Senterpartiet har lang tradisjon for å ta vare på naturressursane, det biologiske mangfaldet og ulike naturtypar gjennom berekraftig bruk. Vi vil arbeide for at fylket og Noreg skal ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimautfordringane i verda. Vi ynskjer å sikre norsk eigarskap til naturressursane, styrkje forsking på berekraftig forvalting av naturen og bruke fylkeskommunale verkemiddel for å fremje ny fornybar energi.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- at jordvernet skal vektast tungt i planprosessar og vedtak. Nedbygging av dyrka jord skal ikkje tillatast utan kompensasjon i form av nydyrking og sikring av tilsvarande matproduksjonsareal
- at elveforbygging og flaumsikring av matjord skal prioriterast som ledd i jordvernet
- bruke innkjøpsmakta til fylkeskommunen som verkemiddel for å satse meir på fornybar energi, som bioenergi, hydrogen, solenergi, vindkraft, vasskraft og havenergi
- støtte opp om tiltak for å oppgradere eksisterande kraftverk og fornye kraftnettet, mellom anna ved å fjerne flaskehalsar mellom landsdelar i kraftnettet og gjere det mogleg for private å levere overskotsstraum
- arbeide for å sikre heimfallsretten til norsk fossekraft og å halde på konsesjonsavgifta og konsesjonskrafta til vertskommunane som i dag
- arbeide for at ein større del av verdiskapinga kjem lokalsamfunna til gode ved utbygging av vass- og vindkraft og ved mineralutvinning
- støtte forsking på fornybar energi frå hav og skog
- arbeide for at fylkeskommunale bygg skal koplast til eksisterande anlegg for fornybar energi eller andre fornybare energikjelder
- støtte tiltak som betrar kontrollen med fiskehelse og –velferd, rømming og lakselus, og vurdere miljøpåverknaden ved eventuell produksjonsauke innan havbruk, både på land og i sjø
- arbeide for at viktige fiskeområde som gytefelt og vandringsruter for villfiskbestandane ikkje vert berørte av annan aktivitet som vindkraft og mineralutvinning
- ta større ansvar for leveområda til villreinen ved å hindre nedbygging av trekkvegar og beiteområde
- styrkje og auke tilskot til forskings- og utviklingsprosjekt innan økologisk jordbruk, skogbruk, miljø og fornybar energi
- auke forsking på forvalting av havrommet
- at omsynet til økosystema i havet og eksisterande næringar må vege tungt i planprosessane for etablering av ny verksemd i havet
- støtte arbeidet med landbaserte oppdrettsanlegg
- verne sterkare om villaksen, særleg i samband med vassdragsregulering og havbruk
- sikre grøne lunger, rekreasjonsområde og hageareal for matproduksjon i tettstadar og i nærleiken av byane våre gjennom investeringstiltak og tildeling av tilskot
- bruke om att bygningsmasse og i større grad bruke trevirke i fylkeskommunale bygg
- støtte arbeidet til Skjergardstenesta i Møre og Romsdal
- sørgje for at fleire område i Møre og Romsdal vert statleg sikra og tilgjengeleg for fleire
- støtte tilretteleggingstiltak som til dømes opparbeiding av parkeringsplassar for å få fleire til å bruke naturen, og skjerme landbruksareal
- arbeide for at vilt- og rovdyrforvaltinga blir gjord med landbruket og lokalsamfunnet sine omsyn i førarsetet
- arbeide for fleire biogassanlegg i fylket
Å høyre til
Senterpartiet meiner likestilling og likeverd er viktig for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, kulturell og språkleg bakgrunn. Å ha ein god infrastruktur der alle har tilgang til internett, og å kunne kome seg fram på ein rimeleg måte, er ein viktig føresetnad for å kunne delta i samfunnet.
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil
- ha lik lønn for arbeid av lik verdi
- arbeide for eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv
- leggje til rette for gode integreringstiltak
- sørgje for at fylkeskommunen følgjer opp kjønnsbalansen i selskap der fylkeskommunen er medeigar, og sikre at det blir i tråd med regel- og lovverk
- sikre at fleire får tilbod om utdanning og fagopplæring, til dømes gjennom vekslingsmodellar med forsterka norskopplæring
- at introduksjonsprogrammet blir eit treårig løp, der det siste året skal vere vekselvis på skule og i verksemd og vere obligatorisk for familiesameinte
- auke busetjinga av flyktningar i fylket vårt
- auke norskundervisinga for asylsøkjarar til 250 timar